torsdag 18. november 2010

Så godt som perfekt

I dag hadde eg ein dag som var så nær perfekt lagt opp som eg kan tenkje meg. Men berre nesten. Eg kom på skulen 09.15 og var der til eg hadde lest ferdig for dagen, ergo eg slapp å lese noko resten av dagen. Eg gjekk heim og lagde meg middag, min nye favoritt: Bønner og magerpølser i chilisaus. Nam nam! Etterpå hadde eg faktisk tid til å sove middag før eg gjekk på kor, noko som eg hadde gleda meg til heile dagen. Det gjekk superdupert heilt fram til slutten, der det plutseleg gjekk opp for meg at alle i stemmegruppa mi var vekke, og med det måtte eg plutseleg synge solo på eit vers som aldri, aldri tar slutt. Dei som kjenner meg veit at eg når eg skal syngje solo, blir eg plutseleg eit skuleeksempel på det sympatiske nervesystemet (dei tre siste orda er ein link med forklaring). Så med dette spinnande rundt i koppen, sto eg der og håpte at det heile snart skulle vere over og at stemma mi kunne slutte å skjelve. Det gjorde den ikkje på mange minutt faktisk. Men eg må jo berre få sagt at det er ganske fascinerande korleis nervesystemet slår inn i sånne situasjonar som det tolkar som faretruande. Gotta love fysiologi!

Men no sit eg her, trygt plassert på rommet mitt, og ser med glede på kalendaren at det er fredag i morgon. Fredag i seg sjølv er eit vakkert ord tykkjer eg. Og kven veit, kanskje blir dagen i morgon enno betre enn i dag? Moglegheitane er der, så absolutt. Eg er positivt innstilt i alle fall.

No skal eg presentere eit nytt, overfladisk spørsmål som de kan tenkje på her på bloggen. No har eg nemleg spart ut alt av farge eg nokon gong har hatt i håret, og det har vore kjekt veldige, men no byrjar eg å bli lei. Skal eg stripe det? Lyst altså. Som de skjønar har eg mange store spørsmål i livet å få svar på. Men for all del, fyr laus, diskutèr! Eller bry dykk om meir viktige ting livet som krig og fred og regnskog. Det er opp til dykk.

Ingen kommentarer: