torsdag 21. oktober 2010

White october

Det snør i Bergen. Tjukke, store flak. Vinterstøvlettane mine har gått av med pensjon, for dei har byrja å suge til seg vatn og etterlet føtene mine i ein stor dam. Eg vonar at snøen kan bli liggjande til eg har bursdag, for då kan eg ha utebursdag med grilling og aking, og så kan vi gå inn etterpå og drikke kakao og ete oreokake.

Snø og kulde høyrer saman, men ikkje tru at jentene i St. Torfinns vei blir sitjande att med tidenes straumrekning. Vi er nemleg ein gjeng med hardbarka straumspararar som heller sit med tjukke gensarar og tepper enn å skru på ovnane våre. Eventuelt har vi ikkje fått ved i hus, men det er jo alltids greit å spare nokre kroner.

I går var eg på spinning utan pulsklokka mi. Det var ingen stor suksess. Motivasjonen forsvann med ein del hakk, men eg var der no heile timen likevel. Til og med trass manglande blodsirkulasjon i føtene mot slutten av timen på grunn av eit par gnagsår som gjer at spinningskoa blir akkurat eit par millimeter for små.

Eg kan meddele dykk at polarbrød er særs godt. Spesielt med kvitost på. Eg åt 12 stykk på to dagar, så her har det gått unna. Kyllingfilet er òg godt, så eg har ete ein heil haug med det òg.

Til slutt vil eg publisere førsteutkastet av årets ønskjeliste. Jula er rett rundt hjørnet, folkens. Det same er dei fire eksamenane eg skal ha før jul. Oh joy.

Men her er den altså (midtstilt til og med):
- Løpetights(ar) av ulik lengde
- T-skjorter til trening
- Printer
- Bag til pianoet mitt
- Hue frå Sätila
- Skibriller
- Laken, type stort
- Ladar til iPod
- Vintersko
- Sokkar, type Ulvang


Ja.. Det var førsteutkastet. Eg har funne ut at eg er litt for rask i svingane når eg vil ha noko, så eg kjøper det som ofast sjølv, og når jula kjem så har eg plutseleg alt eg treng. Men nokre ting er jo flott å få av andre, som til dømes laken. Det tykkjer eg er kjipt å bruke pengar på sjølv.

Ingen kommentarer: