onsdag 1. september 2010

Leirliv i Bergen!

I dag har eg endeleg fått hatt ein skikkeleg kvardag igjen, etter mange dagar med leiraktivitet her i St. Torfinns vei. Det har vore så mange folk innom dei siste dagane, at eg har ikkje ein gong prøvd å halde styr på namn og ansikt. På søndag var det bursdagsfest her for Ragnhild Sofie og Arnhild, og då var det ca 70 stykk innom, og det vart ein lang kveld som avslutta med mykje glede over ei prompepute som til slutt sprengte då ein svenske skulle prøve seg. Ja, eg diggar svenskar, men dei er visst ikkje så gode i kombinasjon med prompeputer.

Studiedag har vore overskrifta over dagen i dag, men noko kjekt måtte eg få gjort, så eg tok turen til Löplabbet for å få sjekka korleis eg spring og kva for joggesko som passar best for meg. Til min store glede, hadde eg perfekt (ja, han sa faktisk det) stegavvikling, og kan springe og springe og kose meg. I tillegg til å få skryt over stegavviklinga mi, viste han meg nokre joggesko som kunne passe godt til meg. Så no går eg og siklar på eit par nydelege joggesko medan eg ventar på at studielånet skal tikke inn. I tillegg har eg lyst på pulsklokke og ny sykkel. Det er godt det ikkje er så lenge til jul!

Studeringa på denne studiedagen har forsåvidt gått bra. Det har vore den første skikkelege lesedagen, og det var hardt å kome i gang. Først øvde eg ferdigheit i nokre timar med jenter frå den nydelege klassen min, før eg skulle lese på eigenhand. På dagar som denne må eg ty til det eg kallar for tvang og kvile-lesing, som går ut på at eg tvingar meg sjølv til å konsentrere meg i 45 minutt, for deretter å sove i 15 minutt. Og gjett om eg sovnar i løpet av dei 15 minutta! Snakk om sovehjarte. Hadde det berre vore sånn om natta òg.. Men det funkar bra, eg fekk lest ganske mykje til saman. Uansett, her er eit bilete av ein nyvakna Astrid, klar for ei ny tvangsøkt:

Her er mitt desperate forsøk på å sjå våken ut, noko som i grunn berre resulterte i ein stor nase. Og nei, eg har ikkje klipt meg.

Forresten, så byrjar rommet mitt å kome på plass. Eg avsluttar med noko eg tykkjer er heilt fantastisk, nemleg før og etter- bilete:

Før:

På veg til å bli etter:
Og eit til på veg-bilete:

1 kommentar:

Arnhild sa...

haha! prompeputa sprakk!