lørdag 14. august 2010

Ein sumar forbi

Det er rart korleis månadane juni, juli og august ser ut til å gå mykje fortare enn alle andre månader i året. No er eg berre minutt unna å køyre flyttelasset mitt til Bergen, og berre eit par dagar unna skulestart. Dette er sjuande året på rad eg flyttar før skulestart, og eg merkar at eg byrjar å bli rimeleg lei. Og ikkje går pakkinga særleg raskare heller. Men uansett kor mykje eg vrir og vendar på det i tankane mine, har eg kome fram til at eg kan ikkje flytte utan å ta med meg nokon ting.

Dette innlegget er i grunn berre for å vise at eg er i live og at eg ikkje har blitt kidnappa i Paris. I løpet av nokre dagar kjem eit mykje meir spanande og bileterikt innlegg frå Paristuren som eg hadde med nydelege Ragnhild Sofie.

Gled dykk!

Ingen kommentarer: