torsdag 8. juli 2010

Oppstart og innflytt

Denne veka har eg fått vere med på byrjinga av to ting: Innflytting i St.Torfinns vei og opning av Safari Knarvik.

Det første har berre vore fest og glede. Vi fire (meg + Ragnhild Sofie, Arnhild og Silje) har fått oss ein skikkeleg heim. Leiligheta er 100 kvm over to etasjar, og ber preg av å ha vore heimen til fleire familiar, så der er det godt å vere. Riktig nok er leiligheta ikkje akkurat nyoppussa eller moderne, men den har sin sjarm. Rommet mitt har før vore tørkeloft og kjøken, men det har blitt mala, og eg trur det kan bli veldig koseleg. Biletet under er tatt frå midten av rommet, så det er ein halvdel til som er om lag like stor. Eg har med andre ord god plass til å boltre meg på. Som de ser er rommet ganske tomt, og eg gler meg til å leggje ut bilete når eg er ferdig med å ordne det, for eg trur det kan bli ganske så fint.


Opninga av Safari har vore litt meir turbulent. Vi har mangla alt frå straum til tid til vamtvatn, med andre ord det meste. Men i dag opna dørene til stormande jubel, kake og ein haug med smaksprøvar. Eg såg til og med ei gamal dame som hadde tatt med seg ein tupperwareboks der ho putta to stykker av marsipankaka oppi. Dette hadde ho nok planlagt, ja. Eg er snart ferdig med to veker jobbing (har vore ei veke på opplæring i byn), og det er kjekt å kjenne at ein byrjar å få litt dreisen på ting. Den eine tingen eg aldri kjem til å få dreisen på er det å kle uniformen. I følgje ein kunde såg eg ut som ei lita speidarjente. Veit ikkje heilt korleis eg skal tolke det, men det skal eg ikkje bruke så mykje tid på å gjere heller, for uniformen må eg ha på meg.

I morgon skal eg og Per Inge besøkje Johanne og Torgeir for andre gongen denne veka. Det var så kjekt å vere der sist gong, så vi måtte få avtalt ei tid før Japanturen deira som byrjar på søndag. Heldige er dei. Vi må ta til takke med Vestlandssumar, ein sumar som er veldig fin når det er sol, men det skjer jo ikkje så ofte. (OK, no skriv eg faktisk om vêret. Då er det kanskje på tide å leggje inn årene).

Då legg eg inn årene for i kveld!

2 kommentarer:

KakeKvinnen sa...

Jeg vil gjerne se bilde av deg i uniformen??:) - og fra Safari Knarvik! :)

Johanne Pauline og Torgeir Hauge sa...

Takk for to KJEKKE kvelder:)