onsdag 9. juni 2010

Tikk takk

Då var det altså berre, viss eg reknar meg heile dagen i morgon, fire dagar att og øve til eksamen på. Eg er ikkje gjennom alle kasustikkane, eg er på langt nær gjennom alt pensumet, eg føler ikkje at eg har full kontroll, men eg skal jammen meg kjempe med nebb og klør for å få sumarferie og få byrje på HiB til hausten. Nei, eg har ikkje tenkt å klore sensorane, men eg skal gjere mitt beste for å halde hovudet klart og tankane skjerpa. I tillegg er det ein fordel å allereie ha fire eksamena bak seg som eg har klart meg gjennom. Då blir det heile ikkje fullt skummelt. Det er morosamt å tenkje attende på den første eksamenen vi hadde. Eg trur den var 5 studiepoeng, og vi las og las til vi vart grøne i anletet. Naudsynt? Tja, kanskje ikkje heilt. Men ein plass må ein starte.

Eg merkar godt på kroppen at eksamen er rundt hjørnet. Eg søv dårlegare, har ekstremt godtesug, lite apetitt på vanleg mat, er mentalt sliten og har ein mage som går heilt bananas. Heldigvis er det ikkje mange dagane att med dette her. I dag tok eg meg ei skikkeleg treningsøkt, for det gjer alltid susen. Det er godt å leggje seg og kjenne at ein verkeleg har vore god mot kroppen. Ny rekord på tredemølla fekk eg òg. Litt meistring oppi det heile er ikkje feil. Etter treninga hoppa eg inn i fysiodressen min. Det er altså ein grilldress med matchande overdel og underdel. Den er kanskje ikkje så fin, men den er fantastisk å ha på seg.

No må eg diverre hoppe ut av dressen og inn i pysjen. I morgon må eg tidleg opp, for eg skal på kurs med onkel Gustav. Det gler eg meg til! På kvelden skal eg på songtime. Det ser eg òg fram til. Med andre ord - eg har trua på morgondagen!

Ingen kommentarer: