onsdag 2. juni 2010

Nedtur og potensiell bomtur


Ført så pinte vi oss gjennom ei natt på nattbuss som førte til utruleg rumpeverk. Grand prix gjekk vi (vi = Øystein, Øyvind, Per Inge og meg) glipp av. Deretter måtte vi gå rundt i København frå 06.30 til 14.00 (dårleg hygiene=dårleg humør). Då kunne vi "endeleg"sjekke inn på eit hostel der vi måtte betale for sengetøy og i tillegg leggje det på sjølv. Natta vart tilbrakt i tidenes spinklaste køyeseng der eg låg pinnestiv i frykt for å dette ut. Vi betalte i dyre dommar for å få intenett som viste seg å ikkje ville virke. Utsjekking var klokka 10.00, og svoltne måtte vi gå ut med bagasjen på slep. Føremiddagen gjekk greitt utanom eit bankkort som streika, men så toppa det seg. Sjå illustrasjonsbilete. Det verste var at ekstrakonserten som vart sett opp dagen før den eigentlege konsertdatoen, den var sjølvsagt ikkje avlyst. Denne heidundrande flotte turen vart avslutta med ei natt på ein kald flyplass som førte til flyplasshofte (du finn berre ei behageleg sovestilling, og det er på sida, og sidan du ikkje akkurat ligg i ei seng, blir det mildt sagt vondt i hofta). Og då flyet landa på Gardermoen, var det berre å setje seg på første flytog og kome på skulen stinkande og ustelt vel vitande om at du ikkje har sett eit dusj på mange dagar. Svolten var eg òg, for vi fekk ikkje kjøpt frukost på flyplassen, og sidan bankkortet mitt streika, måtte eg fint vente 6-7 timar før eg fekk i meg noko mat.

Så sånn er det!

Under kjem svar på spørsmåla alle stiller etter at eg har fortelt denne historia:
1. Kvifor vart konserten avlyst?
Svar: John Mayer vart visst sjuk.

2. Får de pengane attende?
Svar: Ja, det gjer vi. Men eg vil ikkje ha pengar! Eg vil ha konsert!!

3. Var turen berre negativ?
Svar: Nei, den var ikkje det. For det første var det jo utruleg koseleg at Per Inge hadde planlagt dette her, og all ære til han for det. Vi fekk ein koseleg kveld sjølv om vi ikkje fekk gå på konsert. Vi gjekk på 7-11 og kjøpte inn mykje trøystemat, fann ein 3D-kino og såg konsert av U2. Det var faktisk veldig kult. I tillegg fekk eg ete indisk mat, KFC, fann mange fine klede og fekk eit avbrekk frå eksamensOslo.

4. Korleis har du klart å kome deg opp etter denne turen?
Svar: Ein kveld med Manna fiksar det meste.

4 kommentarer:

Solveig sa...

tragikomisk!!

KakeKvinnen sa...

så flink du er til å skrive, jeg koste meg mens jeg leste din skildrings selv om den ikke var så koselig:) Skjønner frustrasjonen SÅ godt, og kjenner godt til flyplasshofte! :o) hehe...godt vi kunne dele en god kveld i går:)

Maren sa...

God illustrasjon.

Åshild sa...

En god historie om ikke anna...? Kanskje eg skal komme til Oslo på søndag for å trøste deg? Ja, det gjør eg.