onsdag 16. juni 2010

Eit lite paradis



Lille Herbern, eit lite paradis i Oslofjorden. Her hadde vi avslutning med Mannastyret, saman med ymse norske kjendisar og rike bygdøyfolk. Med andre ord - ein luksuriøs start på sumarferien.

Maten var i grunn ikkje så dyr som ein skulle tru, og vi vart skikkeleg mette alle saman. Eg åt hamburger med blåmuggost og ovnstekte poteter. Det var himmelsk! Til dessert åt eg konfektkake med jordbær og jordbærsorbè. Mmmm! Restauranten scora høgt på storleike på porsjonane. Eg klarte ikkje ete opp ein gong (og det seier jo litt..)!

Turen ut til restauranten var jo ein attraksjon i seg sjølv. Først tok vi båt frå Aker brygge til Bygdøy, for deretter å ta båt ut til Lille Herbern. Den kosta 30 kr t/r, og det tenkte vi var ein heilt ok pris for å bli frakta ut. Vi sette oss godt til rette, byrja å ta bilete og var klar for ein ny tur på sjøen. Og ja, det var ein fin tur, heilt til den var over 32 sekund seinare. Det er nesten sånn at vi kunne hoppa over. Han som styrte båten lo godt av oss då han såg kor overraska vi vart over at turen var så kort.

At kvelden var koseleg låg vel i grunn i korta. Manna = kos. Vi lo godt og brukte lang tid på å ete. Det var sol, og vi fekk sitje ute. Eg er så glad for at eg har fått vere med i styret, og det var vemodig å vite at dette var siste "styremøte". Men viss ein ser vekk frå at det var litt trist, så kan eg ikkje seie noko anna enn at det var ein perfekt start på ferien.



Her fann vi ut at siste buss OG siste båt hadde gått for lengst. Først sutra vi litt, så lo vi litt, og så bestilte vi mæxitæxi.


Ingen kommentarer: