søndag 21. februar 2010

God søndag!

I dag har eg ikkje gjort så mykje, men det er kanskje det søndagane er til? Eg hadde store planar om å lese og trene då eg sto opp. Trent har eg, både spinning og core (som det heiter på fint). Lesinga kjem sikkert når eg har fått i meg litt middag.

På Elixia fann eg ein 200-lapp som låg i trappa. Hjelpe meg, det var freistande å berre putte den i lomma, men eg gjorde heldigvis ikkje det. Eg ga den til resepsjonen og vonar at eigaren kjem til rettes. På vegen heim gjekk eg innom Bunnpris, og der fann eg ut at strimla kylling var gått ut på dato, så då fekk eg ein haug med pakkar strimla kylling. På ærleg vis, kjentes bra. No høyres det ut som om eg prøvar å skryte veldig av meg sjølv her, og det er ikkje meininga. Eg er berre så utruleg godt nøgd med at eg fekk så mykje gratis kylling. Faktisk, så vart eg så gira at eg gløymte å kjøpe inn kormasaus til kyllingen, så då eg kom heim hadde eg berre kylling og ris. Det såg ut til å bli eit veldig stusseleg måltid, men etter litt snoking i skapet til Karen Marit fann eg noko som kunne bli til middag. Tacogryte. Nam nam!

Elles har eg sitte i godstolen min med dyna mi i dag, sett på fjernsyn og drukke smoothie. Fin-fin start på dagen!

1 kommentar:

Karen Marit sa...

Godt du kosar deg :D og finn deg fram i matskapet ;)