onsdag 27. januar 2010

Filosofi over ein kebab

I går sat eg på lesesalen og fekk plutseleg så lyst på kebab. Ja, så lyst at eg ikkje ein gong klarte å fullføre dei 45 minutta eg hadde att av lesing. Eg måtte gje meg etter 22.

Bislett kebab vart inntatt, og eg bestilte ein liten kyllingkebab utan brus (med tanke på tenna mine). Første biten var himmelsk, men så var det plutseleg ikkje så godt lenger. Då slo deg meg. Å ete kebab handlar ikkje om maten.

Kebab er ein sosial greie for meg. Vener som traskar opp gatene etter misjonssalen, gode vener på Fjellhaug på veg ned til Biten ein alt for sein kveld, to venninner som deler fordi dei nett har ete. Så å gå frå dette til å ete sjølv var veldig stusseleg. Eg vart så grepe av situasjonen at eg åt i full fart for å unngå at nokon skulle sjå meg sitje der heilt aleine med kebaben min. I mine auge såg det i alle fall veldig stusseleg ut. Eller, eg sat der forresten ikkje heilt aleine. Gunnar Elstad sat der òg i eit hjørne. Han sat der så fint og sutta på sugerøret med eit tomt kebabpapir ved sidan av. Han såg beinhard ut, som ein skikkeleg tøffing. Men han kjente meg ikkje att. Så eg fortsette berre med å ete i full fart, før eg måtte ta fatt på hive-kebab-utan-å-vere-borti-bosspannet-prosjektet og sette meg på trikken heim. Mett, men einsam.

Og på toppen av det heile vart eg dårleg i magen.

Ingen kommentarer: