lørdag 2. januar 2010

2009:

Januar:
Eg starta det nye året med å feire at Johanne og Torgeir gita seg, og betre blir det ikkje. Eg fekk lappen og køyrte rundt elevar på ei bra Sygnahelg. Bestemte meg for å studere økonomi og administrasjon.

Februar:
Denne månaden vart eg ferdig med å vere tenåring. I denne anledning fekk eg ein kylling av Per Inge som vart veldig populær på miljøkontoret. Var i London med Sygnapersonalet og vart med dette nesten drept av Sven Arne og Per Inge og deira shoppingkondis.

Mars:
Per Inge hadde bursdag, hurra. Koret var på korturnè, og eg var stolt som berre juling. Vi reiste på austlandet og ein tur innom Sverige og hadde fine dagar. Elles byrja eg å gle meg til sommar og varme. Russen viste fram årets russerevy som sjølvsagt var veldig god.

April:
Påskeferie med spysjuke for heile familien og litt fleire, så sånn vart den. Men ferien byrja bra med at eg køyrte heilt aleine til Knarvik. Eg fekk brev om at eg måtte betale restskatt, noko som aldri er kjekt, men det gjekk no på eit vis. Det vart omsider vår i Balestrand, for det kom lilla blomar på trea.

Mai:
Månaden då mykje skjer. Det var russetid, og eg reiste med russen på turnè til austlandet og Danmark. Eg held andakt og tok ein skummel karusell på Tivoli i København. På danskebåten sat vi for det meste i boblebad, og vi som prøvde oss på solarium endte opp som det danske flagget - raude og kvite. På miljøkontoret prøvde eg iherdig å lære meg Afrikakartet, men det var vanskeleg. Eg og Per Inge hadde 1-årsdag og han overraska med med billettar til London og U2. Det byrja å gå opp for meg at eg snart var ferdig som miljøarbeidar, noko som var trist, men samstundes såg eg kor godt eg hadde det. Ikkje minst var det Balejazz, og eg hadde besøk av mine herlege Sygnajenter. I tillegg fekk eg høyre både Kristin Asbjørnsen og Take 6. Fint!

Juni:
Denne månaden gjekk eg mykje på fjellet, og det var godt for kropp og sjel. Raudmelen vart overvunne fleire dagar på rad. Stine var på besøk, og eg nådde toppen av kor hyper og overtrøytt eg kan bli, til skrekk og glede for til dømes Sven Arne. Avslutningsfesten var sjølvsagt rørande og trist, og eg såg meir og meir at det byrja å gå mot slutten av eit av dei beste åra i livet mitt. Då eg måtte sei ha det til huset og Sygna grein eg så hardt som eg aldri har gjort før saman med mamma og pappa i stova, og det å måtte bryte opp frå "heim"staden prega meg gjennom heile sommaren og gjer det forsovidt litt enno, men tida leger sår. Resten av månaden gjekk med til litt jobbing i resepsjonen på Domkirkehjemmet. Sist men ikkje minst gifta Åshild og Jens Petter seg denne månaden, og det var stort.

Juli:
Eg hadde ferie denne månaden, og det var nok godt etter eit år på "leir". Det gjekk meir opp for meg at eg skulle flytte til Oslo, og finn.no vart gjennomsøkt etter billege madrassar og køysenger. Den store oppturen denne månaden var at eg kom inn på fysioterapistudiet. Overraskande og veldig stort! Eg og Per Inge reiste på ferie litt her og der, til familie på Ellingsøya og i Volda. Eg var på besøk hjå Ragnhild Sofie der vi såg Slumdog Millionaire og starta eit lite prosjekt som innebar paljettar og t-skjorter.

August:
Eg fek vere med og feire Solveig og Andreas som gifta seg. Snakk om idyllisk bryllup! Ein flott dag. I London fekk eg sjå U2 live, og det var ei ubeskriveleg oppleving. Oslo vart inntatt og studiekvardagen byrja. Det var uvant, men mest kjekt å byrje på skulen att. Det var uvant å plutseleg ikkje skulle ta omsyn til 150 andre når eg skulle leggje opp dagane mine, men det var godt òg sjølv om Sygna var aller mest sakna.

September:
Eg byrja å trene på Elixia, noko som verkeleg vart eit løft i kvardagen, og det har det vore heile hausten. Det var godt å finne glede i trening. Det vart stadig meir å setje seg inn i av anatomi og massasje. Eg slapp å vere demoperson på rumpemassasje (yess!). Den store oppturen i tillegg til å byrje å trene på Elixia, var at eg byrja i gospelkoret Manna som består av mange flotte folk som i tillegg tilfeldigvis syng bra. Første Visionhelg var gjennomført.

Oktober:
Typisk haustmånad med mykje lesing og trening. Eg vakna opp og trudde eg hadde punktert ei lunge, men hadde berre låst ryggen. Snakk om dramaqueen! Skjelettbeinet mitt vart flittig lagt i sengene til folk i leiligheta. Ekkelt. Og morosamt.

November:
Ein tenkemånad. Eg var på gospelworkshop med Isaac Caree, og janteloven vart lagt på hylla for ein kveld. Tida på HiO førte til mykje tenking og mange nye perspektiv, spesielt angåande korleis vi kristne møter ikkje-kristne. Eg var skuffa over mange kristne og klarte ikkje vere med så mykje i kristne samanhenger. Svineinfluensa var mest sannsynleg på besøk, og det var spanande i eit par timar og så vart det keisamt. Oppturen denne månaden var nok besøk av Ragnhild Sofie, og vi hadde ei fantastisk helg med mat, trening og sjelesorg der vi berre stengte verda ute for nokre dagar. Min første høgskuleeksamen vart gjennomført og bestått, og det var godt å få ein så god start på eksamenslivet.

Desember:
Julemånad, eksamensmånad, jobbmånad. Det meste av tida fram til juleferien gjekk med til å øve til massasjeeksamen. Når eg ikkje øvde var eg på mange julebord her og der, og vi opptredde mykje med Manna. Kjekt alt saman. Eg fekk julekalender av Per Inge som var både fin og oppfinnsam. I tillegg overraska han meg (igjen) med billettar til konsert med John Mayer i København i mai. Glede! Då eksamen var overstått og bestått, var det endeleg ferie der eg først var med på ein del av det som skjedde på Misjonshuset, før eg gjekk inn i ein ekstrem avslappingsperiode der eg for det meste åt og sat i pysjen framfor tv-en. Juledagane vart feire i mørke Tromsø saman med mamma, pappa, Ingrid, Dag Erik, Sigurd og Knøtten. Det var rart å ikkje feire jul heime, men det var ein fin erstatning. Nyttår vart feira i Sverige saman med Per Inge, Ulrika og Daniel med fleire.


No er vi inne i eit nytt år, og eg har ein vår foran meg som vil bestå av mykje lesing og pugging, men det er eg innstilt på. Når eg har fri skal eg fylle dagane mine med vener, Per Inge, Manna, Vision, trening, litt jobbing og Jesus. Eg gler meg!

5 kommentarer:

Solveig sa...

likte det du skrev om august 09, den var fin :)
sees snart!

Stine Elise sa...

så fint å lese. jeg håper 2010 (WOW, så gamle vi begynner å bli! hehe) blir et knallbra år :)
jeg reiser fra vikersund i morgen, så det var jo litt kjipt at vi ikke møttes mer denne ferien. kanskje jeg tar meg en liten tur til oslo snart?
glad i deg, Astridpastripotet!

Astrid sa...

Solveig: Hihi, DU var fin :) Sjåast snart ja! Gler meg til å bruke meir tid saman med deg.

Stine: Hehe, ja, tenk.. Vi byrjar å dra på åra. Det blir i alle fall eit knallbra år viss vi får sett meir til kvarandre ;) Ja, det var kjipt vi ikkje fekk sett kvarandre meir, men det vart i alle fall ein minnerik kveld med bilnøklane og alt, hehe. Ta deg ein Oslotur, du er meir enn velkomen :) Glad i deg òg, Stineridejenta mi!

Sven Arne sa...

Takk for et fint (halv)år Astrid! Håper du har det bra og at 2010 blir et fint år.
PS! Alltid klar for å "shoppedrepe" deg..;)

Samuel sa...

kjekt å lesa, vait eg! kosa deg!