søndag 13. desember 2009

Luciadagen

I dag er det Luciadagen, og den likar eg godt. Lussekattar er baka, og eg prøvde til og med å dra i gang eit luciatog i leiligheta. Det slo ikkje godt an, men det kan eg i grunn forstå. Eg song luciasongen stille for meg sjølv i sofaen, så eg fekk feira littegrann i alle fall. Lussekattane vart i grunn ganske så gode sjølv om vi måtte bytte ut safran med gurkemeie.

I går var eg på sesongens andre julebord, og denne gongen var det med styret i Manna. Vi var på ein restaurant som heiter Klosteret. Der fekk eg prøvd meg på min livs første femretters middag, og det var ei oppleving som verkeleg sette spor. Eg trur eg enno har merke etter strømpebuksa som gnagde seg inn i magen. Ordet mett vart tatt til ein heilt ny dimensjon etter kvart som rett etter rett vart sett på bordet. Men godt var det, veldig godt. Og koseleg.

No skal eg jobbe på Spice til det har blitt mørkt og skummelt ute. Eg er litt usikker på kva eg skal ete til middag, men det blir sikkert noko godt. Nokre av lussekattane vart tatt med til sentralbordet, og det slo godt an, spesielt hjå svenskane. Dei er veldig begeistra for luciadagen.

På torsdag har eg endeleg juleferie, og då skal eg sove lenge. Lenge.



2 kommentarer:

Solveig sa...

åhh torsdag, what a day!!!

Blir du med på julebord på Fjellhaug eller?

Jeg har og baka lussekatter. Med safran. mmmm :)

Astrid sa...

Eg blir med på julebord på Fjellhaug og vil gjerne sitje med deg og din viss eg får lov :)

Å, lussekattar er så godt!