torsdag 24. desember 2009

Jula for meg er litt av kvart

Då var dagen komen. Eg tok meg sjølv i å tenkjer på all reklamen som har blitt produsert, alt gåvepapiret som har blitt brukt og alle forventningane som har blitt bygd opp til desse 24 timane julaftan varer. Ja, no veit eg at eg som kristen skulle tenkje meir om jula, men no tenkjer eg på alle som ikkje tenkjer på at vi feirar Jesus. Det må kjennest litt tomt og meiningslaust? Det må ikkje minst vere nedtur når dagen er omme. Då er det liksom ikkje så mykje meir å gle seg til/over.

Eg skal lett innrømme at eg ikkje er så frykteleg flink til å tenkje så superkristent om jula. Eg er veldig spent på både julemat og gåver og tykkjer dette er spanande. Meir enn gjerne skulle eg proklamert jesusfeiring og fokus på Jesus, men eg tankane går fort til det meir tradisjonelle og materalistiske. Likevel er det noko som gjer at jula blir meiningsfull. Jula er kjekk når ho er her, men når ho er over så har ei glede som vi kan gle oss over kvar einaste dag i heile året, noko som ikkje går over når desember tar slutt. Vi har ein evig glede i form at eit born i ein stall, ein mektig frelsar.

Ingen kommentarer: