torsdag 20. august 2009

Gaustad, store auditorium

Eg har då byrja på fysio. Meldt meg inn i fysioklubben og fått med fysiot-skjorte. Og eg merkar eg er redd. Redd for anatomi. Eg sat på første forelesning i dag og tenkte at dette var store saker. Vanskeleg og viktig. Så viktig at eg MÅ kunne det, viss ikkje så kan eg jo gjere alt feil med pasienten, og det hadde jo vore litt uheldig. Heldigvis har eg fått meg ei kolokkviegruppe (korleis det no enn skrivast). K-gruppe kan vi kalle det.

Eg merkar òg at det er to år sidan eg gjekk på skule sist. I dag klarte eg å lese heile 8 sider (MED notat vel å merke), men då sa det liksom stopp. Heldigvis har eg heile føremiddagen på meg i morgon til å lese resten. Det er vel rundt 22 sider, så satsar på at det går fint. Eg les om cella, og det er i grunn ganske spanande.

Anatomiforelesinga starta eg flott ved å kome for seint, og deretter lage stort styr då eg skulle skvise meg inn i den eine plassen som var ledig (midten av ei rad midt i auditoriet). Så der pressa eg meg innover med stor sekk, raud i fjeset osb.

Men eg gler meg til studiet altså, eg gjer det. Vart berre litt overvelda i dag over all kunnskapen eg skal få pressa inn i hjernen min, som dei siste åra stort sett har blitt fylt med informasjon frå Bibelen, Facebook og One Tree Hill.

Og no skal eg byrje med anatomi.

Forbøn blir motteken med takk.

Ingen kommentarer: