tirsdag 2. juni 2009

No ser eg atter slike fjell og dalar

Eg har funne ut (igjen) at eg likar å gå på fjellet. Til dømes det faktum at eg var på Raudmelen to gongar på tre dagar provar dette. Det vil eg påstå.

Akkurat når eg går oppover 90-gradersbakkane oppover, er eg vel kanskje ikkje så frykteleg nøgd, men med ein gong eg ser utsikta ut over Sognefjorden så er alt slitet gløymt. Eg er fascinert av naturen, rett og slett.

Elles så pratar eg veldig mykje om meg sjølv for tida. Eventuelt har det gått opp for meg at eg gjer det. Eller så tenkjer eg for mykje. Mange moglegheiter.

Men ein ting veit eg - eg likar å gå på fjellet!

Ingen kommentarer: