mandag 29. juni 2009

Av og til

Av og til så går berre alt gale. Du opplever ting som berre skjer på film. I dag hadde eg ein sånn dag.

Eg vakna og visste at eg måtte finne mobilen og lommeboka, for eg skulle til optikaren, og det går jo ikkje an å møte opp der utan pengar. Kvifor eg ikkje leita meir etter den kvelden før er lurar eg fortsatt på. For saken er den at lommeboka og mobilen min låg i bilen, og den hadde Per Inge køyrt til Bergen med for å gå på jobb. Eg fann ut at eg måtte sei ifrå til Per Inge på ein eller annan måte at han måtte kome til Knarvik og levere lommeboka til meg før eg skulle til optikaren, men vi har ikkje hustelefon, og ingen andre var heime. Kva gjer ein då? Jo, eg sendte sms frå internett. Sidan han ikkje kunne svare, måtte eg berre satse på at han kom. I tillegg måtte eg gå bort til Knarvik sidan eg ikkje hadde pengar, og det er jo i grunn greitt nok, men i denne varmen vart det rimeleg klamt for å seie det sånn. Samstundes som alt dette skjedde sat Åshild på eit kontor i Bergen og fekk ikkje logga på jobbpc-en sin fordi eg hadde endra passordet, og ho kunne jo ikkje vite kva det nye passordet var. I tillegg skulle eg sende nokre viktige tablettar i posten, men sidan eg ikkje hadde mobilen, hugsa eg ikkje kva tablettane heitte eller adressa.

Denne dagen kunne altså blitt rimeleg dårleg, meeeeen, det var den ikkje. Per Inge kom med lommeboka, og det hadde ordna seg med både tablettar og passordet til Åshild. Det er kjekt når ting ordnar seg. Det einaste som treng å ordne seg no er synet mitt. No er eg nede i -4.00. Ein kan vel seie at eg er rimeleg nærsynt, ja. Men med nye linser og snart nye briller, skal det nok gå bra. Ingen laseroperasjon enno.

No skal eg ha ein fin dag vidare på Askøy. Med mobil. Og lommebok.

Ingen kommentarer: