søndag 5. april 2009

Påsje (for å sei det som ein ekte stril)

Ferien byrjar i ekte Bjørke-stil med at familien vart sjuk ein etter ein. I går var det min og mamma sin tur, og i dag er det Per Inge som må liggje i senga. Stakkars Per Inge. Han har spydd tre gongar, og det har han ikkje gjort på mange mange år. Men eg trur han kjem til å bli frisk til i morgon. Når begge oss kjenner oss friske og fine, håpar vi at det blir tid til ein tur til Sunnmøre, til pizzabygda Stranda.

Elles har eg lest mykje blogg desse dagane. Kristina og Rebecca sin er spesielt kjekk å lese på. Dei reiser verda rundt, og eg er litt misunneleg på dei. No er dei i Australia, og eg håpar dei kosar seg. Eg skal òg ut og reise ein gong, det vil eg.

Elles såg eg eit program på fjernsyn i dag; Marathon Love. Det var om ekte kjærleik. Ein mann og ei dame skulle gifte seg. Nokre dagar før bryllaupet vart ho utsett for ei bilulykke og vart merka for livet, både fysisk og psykisk. Men han skulle ha ho likevel. Dei gifta seg, og kvar dag hjelper dei kvarandre gjennom dagane. Han hjelper ho med å trene opp att kroppen. Han spring med ho kvar dag, ho i rullestol, han med joggesko. Dei fullførte Boston Marathon på 3 timar og 25 minutt. Og han takka Gud kvar dag for livet sitt. Eg vart litt rørt. Det var ekte kjærleik.

No ventar eg berre på at Per Inge skal bli frisk. Og så vil eg ha mat. Eg går og finn meg litt mat.

Ingen kommentarer: