lørdag 6. desember 2008

Morodag for Johanne!

I dag arrangerte eg morodag for Johanne. 31. deseber er ho gift, men før det måtte ho få sjansen til å drite seg litt ut. Ho fekk ein del oppgåver ho måtte gjere, ikledd Mjelstadeffektar og ein mistelteinting på hovudet, og ho fekk ein del merksemd for å seia det sånn. Og uansett kva ho gjorde måtte ho få nokre ukjente folk til å ta bilete av det. Her er eit bilete der ho er gatemusikant og prøvar å få folk i julestemning ved å spele "glade jul" på blokkfløyte.

Legg spesielt merke til hovudplagga, hehe.

No har vi ete chicken tikka masala, chicken korma, naan, ris og brownies. Heimelaga. Heilt etter mitt hjarte og min mage, og det slo an hjå dei andre òg. No sit dei andre rundt meg og pratar om fødsel. Sidan det ikkje er heilt mitt tima, hehe, såg eg moglegheiten til å oppdatere bloggen min. Snart skal vi ta bussen ned til sentrum og høyre Seraf sin julekonsert, der Torgeir (som er forlova med Johanne), er med. Det blir ein kjempeflott slutt på ein kanon dag!

Johanne, eg diggar deg!

1 kommentar:

Johanne Pauline sa...

Tusen takk for en KONGE dag!!

Det var helt herlig alt sammen: Å dumme seg litt ut, tøyse litt, underholde litt, spise god mat, deilig dessert, få morsomme gaver, og gå på fantastisk konsert!