søndag 21. desember 2008

21. desember

Kl 12.04
Sånn vil eg vere på håret:


Kl 14.30
Eg har lyst til å spele ligretto.

Kl 14.55
Oi! Eg har ikkje opna kalendaren min i dag. Det skal eg gjere no.

Kl 15.47
Eg må velje. To av desse musikalane skal eg sjå i London:
- Grease
- Phantom of the opera
- We will rock you
- Mamma mia
- Dirty dancing
- Hairspray
Forslag? Eg må helst ikkje grine for mykje. Eg byrja å grine av opningsscena til Lion King og var stort sett oppløyst i tårer under Les Miserables.

Kl 17.00
Eg vart lurt til å vere med på julegåveshopping med pappa, forkledd som øvingskøyring.

Kl 18.07
Sit i bilen og ventar på pappa som kjem att frå senteret utan ein einaste pose. Men eg fekk skillingsbolle, det skal vere sagt.

Kl 19.09
Vi speler "min venn" og Joel og Anna Oline skal gjette. Artige gjetteforsøk på Donald:
"Han går utan bukse" - Astrid?
"Han har ikkje hår" - morfar?
"Han har gul munn og kan bli ganske sint" - pappa?
"Han har store gule føtter" - mormor?

Kl 20.15
Ser konsert med Sissel Kyrkjebø og stort mormonarkor. Dei var flinke. Eg har berre ein ting å seia: Berre peis på, Sissel!

Kl 21.00
Sjekkar om eg har slitte hårtuppar. Dei var godkjente.

Kl 21.17
Byrjar å sjå the OC. Ser to episodar, avbroten av mamma som filar neglane mine.

Kl 23.21
Anna Oline spyr i senga. Tjohei.

Kl 23.22
Er eg litt trøytt? Er det noko kjekt å tv?

7 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Valget av musicals skulle være svært enkelt:

*Phantom of the Opera - faktisk en ikke så aller verst musical til å være en Lloyd Webber-produksjon. En klassiker.
*We Will Rock You - det er Queen, trenger du virkelig noe annet argument? :-)

Per Inge Belt sa...

e e med på we will rock you...men viss du vil på noke anna også so e e sikkert med på d også:) trur e må kidnappe d med på en fotballkamp også..hehe...

Anonym sa...

Mine tips:
We will rock you er ein skikkelig dårlig historie med ufo'ar og dårlege poeng. Musikken greier ikkje å redde den.
Phantom of...ZZZZZ(på den måten du har lært meg å snorke)

Stemmer for Les Mis om du ikkje har sett den. Dronninga av musikalar!

Martha Berit sa...

We will rock you he ei ganske teit historie egentlig, men FANTASTISK musikk! E anbefala den! Og så kanskje mamma mia eller phantom of the opera.

Anonym sa...

Kul blogg, astrid!

martha sa...

we will rock you var dritbra, spør du meg :) men det er vel en smakssak. hvis du liker queen er det i alle fall bra.
ellers ville jeg kanskje sagt... nei, jeg veit ikke. har bare vært på we will rock you. lykke til med valget og god jul :)

Alette sa...

eg ler av deg Astrid:)
høres ut som du har hatt en bra dag!
kos deg i jula:)