søndag 4. mai 2008

What to do?

Har du ein dag foran deg som du ikkje veit korleis du skal fylle? Kva gjer ein ein larudag i Oslo? Det er mange moglegheiter, det er ikkje det det står på, men det er nokre alternativ som er betre enn andre. Shopping er særs populært, men ein blir strengt tatt ganske lei av det etter kvart, i tillegg til at det går mykje pengar og at handlesenta er så full av folk at ein endar opp med å vere konstant på randen til klaustrofobi. Kva gjer ein då viss alt ein har er tom lommebok, mat, månadskort og godt humør? Èit ord: Nordmarka. Hadde eg visst kor fantastisk det er der hadde eg nytta meg av moglegheiten mykje oftare, men no har eg i alle fall vore der èin gong. Kor mange kilometer føtene har gått er eg ikkje sikker på, det er i alle fall tosifra, men det er ikkje det som betyr noko. Opplevinga i seg sjølv er heilt fantastisk. Stilla, lukta, lydane, fuglekvitteret, gjørme, snø, tørr asfalt, grus, smil til andre som er ute og går tur. 1000 gongar betre enn shopping på Oslo City. Minst.

Her er turruta. Anbefalast!



Godt nøgd:

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg e så lett me å går den turen ein dag, Astrid:)

kari! sa...

Jeg veeeeeeeet. Sant det er digg??:)