fredag 25. april 2008

Bibelen - til oppbygging og underholdning

Bibelen.no er ei flott side, for der kan ein søke på ord i bibelen. Eg sat og søkte på ymse musikkinstrument for å finne ut kva som var mest brukt, og medan eg sat og gjorde dette slo følgjande tanke meg: "Skal eg søke på "dans"?" Eg følte det var litt på kanten sidan eg sat i ein truslæretime med ein ikkje fullt så karismatisk lærar, men eg gjorde det likevel. Opprørar-Astrid!

Ordet dans gav 69 treff av større eller mindre relevans. Eg las gjennom ein del av treffa, men det var spesielt eitt treff som eg fann meir underholdande enn andre. Spesielt morosamt var det då eg samanlikna bokmåls- og nynorskversjonen. Berre sjå her:

Nynorsk:
«Snu deg, snu deg, du Sjulam-jente!
Snu deg, snu deg, så vi får sjå deg!»
«Kvifor vil de sjå på Sjulam-jenta
når ho rekkjedansen trør?»


Bokmål:
«Snu deg, snu deg, du pike fra Sjulam,
snu deg, snu deg, så vi får se deg!»
«Hvorfor vil dere se på piken fra Sjulam
når hun svinger seg i de dansendes rekker?»


Det er faktisk ganske utruleg kor ulike bilete eg får av denne dansen. Når eg les den nynorske versjonen ser eg for meg ei ganske macho jente som trør og trakkar linedance på cowboyfest, medan bokmålsversjonen gir meg bilete av ei elegant jente med mjuke rørsler og ballkjole á la Askepott.

Kva for ei oversetting meiner du passa best?

Uansett: dans i veg!

1 kommentar:

Siggy sa...

deffinitivt nynorsken!!
mykje råare. "de dansenes rekker" høh! pffføy! spytt!