lørdag 24. november 2007

Ønskjeliste 2007

Det vart etterlyst ei ønskjeliste her på bloggen min, og her er den:

- Skikkeleg dialekt, helst saognamaol
- Rettetang

Sidan sist blogpost har eg hatt songtime, og det å lære å steve er enno like kjekt og like vanskeleg. Elles har eg prestert å forsove meg kraftig, solgt tre Utsyn-abonnement (eg har byrja ein karriære som telefonseljar), hatt ein herleg vaffel-kveld med td Maria og Randi, tore å synge solo for første gong på mange år og fått i oppdrag å syngje/spele med Von på julebordet til NLM. Då blir det fest og basar med pinnekjøt! Eg gler meg og har det bra. No er det ikkje lenge til Sigbjørn kjem hit heller, så då blir det enda betre.

Snart jul er det òg...



Eg øvar mykje på julesongar for tida, nett som desse.Eg øvar mykje på julesong for tida, nett som desse her. Årets julesongar for min del er:
- No koma Guds englar
- Kling no klokka

Blogged with Flock

6 kommentarer:

Solveig sa...

Eg les til eksamen. Eg likar ikkje eksamen. Eg vil ha juleferie. OK???!!!

Anonym sa...

Hei:)
Veit du, eg sakne deg så utruleg mykje her! Det er så utruleg lenge sidan vi gjekk på tur og prata, og eg treng verkeleg å prate med deg. Ringer deg sikkert snart:)

Klemmer frå Baleby

kari! sa...

Har du sett den SUPERduperrettetanga?

en rosa en. Litt inspirert av Barbie & Ken. Noe for deg!

Astrid sa...

Solveig: Korleis kan eg hjelpa deg? Eg føle med deg.. Men veit du? Du er veldig flink!

Kari: Nei, den har eg ikkje sett, men takk for tipset :) Barbieting? Kvalitet :)

Stine: BErre ring, eg saknar deg òg!

Anonym sa...

Så einaste måten vi kan glede deg ved juletreet i år er å gi deg ei tomt i Sogn...?

Øystein Urkis sa...

NLM julebordet e store greier;)