torsdag 28. juni 2007

GrAtUlErEr mEd DaGeN!



Her har vi sikkert køyrt på med kilovis av sjokolade. Det er noko vi likar å gjere.

Stine Elise Bysveen Eikefet, mi gode venninne gjennom mangfoldige år, fyller 18 år i dag! No er ho stor og kan ta lappen og gå på konsertar og møte gutar med langt hår og slengbukse. Sidan eg for tida er leirleder på sommartreff i Os, har eg ikkje høve til å vere med ho på den store dagen, så eg får hedre ho litt her på bloggen min.

Du er BRA, Stine :)

Forresten, viss nokon lurar på kva ho ønskjer seg til bursdagen, ligg beverdrakt høgt oppe på lista.





GrAtUlErEr mEd DaGeN!



Her har vi sikkert køyrt på med kilovis av sjokolade. Det er noko vi likar å gjere.

Stine Elise Bysveen Eikefet, mi gode venninne gjennom mangfoldige år, fyller 18 år i dag! No er ho stor og kan ta lappen og gå på konsertar og møte gutar med langt hår og slengbukse. Sidan eg for tida er leirleder på sommartreff i Os, har eg ikkje høve til å vere med ho på den store dagen, så eg får hedre ho litt her på bloggen min.

Du er BRA, Stine :)

Forresten, viss nokon lurar på kva ho ønskjer seg til bursdagen, ligg beverdrakt høgt oppe på lista.





søndag 24. juni 2007

Nytt namn

Sidan eg no har flytta ut frå Sygna og dubletten 513/514 var det visst på tide å skifte namn på bloggen. Eg saknar stort å bu på dublett med Hege og er spent på kven eg skal bu på dublett med på Fjellhaug.

God sumar alle saman!

onsdag 20. juni 2007

JobbJobbJobb



Alle har sine problem. Eg har tre (utenom pollenallergien som gjer meg gal for tida):
1. Eg får ikkje sove om nettene
2. Eg skal på jobb dagane etterpå og det er difor litt dumt at eg ikkje får sove
3. Eg har sagt ja til å jobbe på gamleheim...(...)(...)(...)

Eg trur punkt tre viser kor desperat eg er etter pengar. Aldri i verda har eg klart å bytte bleie på ein unge, og no skal eg gjere det på ein gammal ein! Det blir.. Nei, eg gruar meg rett og slett. Kvar gong eg tenkjer på det får eg ein sånn ekkel klump i magen. Den same klumpen eg får når eg tenkjer på at eksamensresultata snart kjem.

For dagane er eg trøytt og er på jobb. Eg jobbar på gamleheim no òg, men no sit eg på kontor. Får sikkert snart sitjesår. Der sit eg 7,5 timar om dagen og kontrollreknar rekneskap. Med andre ord blar eg i papir og trykkjer på ein kalkulator. Eg likar den jobben særs godt sjølv om den for andre kan høyres kjedeleg ut. Den er ikkje akkurat fysisk krevjande, og dagane går rasandre fort. Det er bra. Skal jobbe i snitt 2 dagar i veka på kontor og 2 dagar i veka i pleie, så eg får litt avveksling. Men herlighet, eg gruar meg til å jobbe i pleie... Det blir.. Ei utfordring. Eg må jobbe litt med dei spyrefleksane mine, for eg har litt lett for å brekke meg, og det kan eg ikkje gjere då.

Elles.. Eg er trøytt ja. Og så introduserte eg mamma og pappa til kebab i dag. Dei likte det veldig godt og vurderar å kjøpe det igjen viss dei følar for å slå seg heilt laus.

Sommarferie funkar bra for meg! Eg gler meg til denne veka er ferdig og neste veke er ferdig. For då har eg nokre dagar fri som eg skal utnytte på beste vis.

fredag 15. juni 2007

Takk!



Takk til Sygna og Balestrand!
"Dei tre beste åra av livet ditt fortener ein skule som tek vare på dei."
Takk for at de tok vare på mine :)

mandag 11. juni 2007

Det går mot slutten...

Ja, det går verkeleg mot slutten her på Sygna. Det er uverkeleg, det er trist, men samstudes har eg heile tida visst at denne dagen ville kome, og eg er klar for å gjere noko nytt. Her er nokre bilete frå kva som har gått føre seg den siste tida. Tur til Raudmelen, skulebryllaup og avslutningsfest har gjort den siste tida veldig god. Enjoy!









mandag 4. juni 2007

Å kor glad eg er! (eg har Jesus)

Dette skal eg aldri igjen:
- Ha skriftleg eksamen på vgs
- Ha skriftleg eksamen i 3KJ
- Øve på skriftleg eksamen i 3KJ
- Lese så mykje kjemi over så kort tid
- Skrive notatar frå heile boka
- Teikne eit einaste stygt eksempel frå boka!

Eg er så ferdig med kjemi som det går an. Eg er så ferdig at eg har ikkje ord for det! Aldri meir 3KJ. Viss eg skal gå veterinær må eg ha ein del kjemi, men det blir likevel ikkje det same. Der får eg jo faktisk sjå at det er nyttig for noko.

I dag klarte eg å sitje heile tida ut. Det trur eg ikkje at eg har gjort sidan eg gjorde på ungdomsskulen. Det føltes ok, for då hadde eg liksom gjort alt eg kunne. Viss du lurar på korleis eksamen gjekk, gjekk den ikkje så alt for bra, men den er i alle fall ferdig! FERDIG! Eg prøvde i alle fall å svare på alt, og det var jammen meg ikkje lett, for "Living my life without you", verdas styggaste grand-prixsong av Stig Van Ejik, gjekk om og om att i hovudet mitt. Eg prøvde å få ein annan song på hjernen, men fekk det ikkje til.

Vidare i dag skal eg feire med å sove på den nye senga. Alle på 5-aren fekk ny seng i dag, og godt var det, for vi har sove på golvet dei siste dagane og det har vore litt vondt. I tillegg skal eg fundere på eit lite mysterie. I dag fekk eg eit brev frå Danmark, nermare bestemt House of Brides. Eg har ikkje peiling på kven som har sendt det til meg, og eg vart ganske flau, for vi har jo felles posthylle her på Sygna, og så låg det ein brudekatalog til meg. Off. Eg må finne ut kven det var. Viss nokon har eit tips; gje meg ein lyd!

Men: EG ER FERDIG MED KJEMIEKSAMEN!!!

Dette biletet er frå andre klasse då eg hadde dobbeltsidig lungebetennelse, bihulebetennelse og øyrebetennelse utan å vite om det. Eg tar det med fordi eg ser så fornøgd ut.

fredag 1. juni 2007

Intern humor - med meg sjølv.

Det skjer kvar einaste gong eg har eksamen eller tentamen. Eg byrjar å utvikle intern humor med meg sjølv. Då sit eg og ler godt for meg sjølv av skrivefeil eller reknefeil.
Døme på kva som skjer når ein har øvd for mykje på kjemi og ord går litt i surr:

Eg er kjempeglad i deg ---> Eg er kjemiglad i deg

Desse iona blir då felte ut ---> Desse iona blir då frelste ut

Vi treng ikkje indikator i denne titreringa ---> Vi treng ikkje diktator i denne tireringa

Merkelege setningar frå kjemiboka:

"Ammoniumiona er ei attraktiv sambinding."
"Sukrose er eit velkjent og populært molekyl."

Eg lurar på korleis eit molekyl kan vere populært eller attraktivt. Oi, har d fått deg eit sukrosemolekyl? Kult då! Det er jo skikkeleg in no.

Som de ser har de all grunn til å bekymre dykk for meg. Eg har ikkje heilt godt av å sitje inne og berre lese. Men mandag 14.00 er det heldigvis over, og då kan eg gå tilbake til mitt normale eg.

Her er eit bilete av det populære molekylet. Du har lyst på eit du òg no sant?