søndag 6. mai 2007

Glede!

Eg er ein av dei som enno kan songane frå barne- tv utanboks, og som elskar å sjå på barne-tv når eg har sjansen. I dag kom eg over eit lite klipp som verkeleg fekk meg til å smile på denn elles så daude søndagen.

"Kan eg få lov å vere med deg?"

Av og til kunne eg ønskje at alle kunne vere litt meir som born. Dei vurderer ikkje ting så mykje som me gjer, og dei har ikkje så lett for å ta ting i verste meining. I tillegg er dei veldig flinke til å tilgje. Det er i alle fall det inntrykket eg har av mange born. Eg har funne ut at eg skal bli flinkare til å ta ting i beste meining og bruke meir tid på løfte andre fram og opp enn å berre framheve meg sjølv. Berre sjå på Gullars og Marianne. Tenk om alle hadde hatt det sånn! Forresten diggar eg 80- talsmusikk og kormusikk, så denne introen er fantastisk. Kos dykk med dette klippet:

Ingen kommentarer: