
I dag hadde eg kjemitentamen. Det gjekk strykande. Men faktisk så har eg komt til eit punkt der eg berre drit i det og berre vil bli ferdig, så no var det godt å vere ferdig. Torsdag ventar mattetentamen, men eg er litt meir roleg for den (noko eg ikkje burde vere eigentleg, men men).
No skal vi ta klassebilete i russeklede! Russebuksa er ikkje heilt ferdig, for eg har ikkje fått tak i kvit tekstiltusj enno. Nei, det er ikkje så mykje vi får tak i her i Balestrand, men det er berre sjarm. Manglar berre NLM- logoen på buksa så er den komplett. Det er kos!
2 kommentarer:
NLM-logoen! :D
Det var lurt! Får eg stjele ideen?
Du veit, du kan berre trakke på dei virvellause små insekta... gjer kvardagen mykje enklare...:P
Kjenne igjen den holdninga til tentamenar, eg og tenkte sånn til slutt (æææ, heile tredje).
Legg inn en kommentar