fredag 30. mars 2007

Slalomhjelm i bil. For tryggleiken?

Eg sat på med Magnus heimatt til påske i dag, og det same gjorde Kristina Seim, Martine og Anette. Vi hadde ein god del bagasje med oss (fysisk), så bilen var heilt full. Då vi hadde dytta, dradd, slete og svetta skikkeleg for å få inn alle koffertane og sekkane var det èin ting igjen som absolutt ikkje fekk plass i baggasjerommet; Magnus sin slalomhjelm. Statens vegvesen hadde nett vore på besøk på skulen og var veldig strenge på at det var farleg å ha lause ting i bilen. Vi sto ei stund i ring rundt denne hjelmen og klødde oss i hovudet. Kva skulle vi gjere? Hjelmen måtte jo vere med. Etter eit par minutt tok eg ansvar. Med sikkert grep tok eg hjelmen og sette den på hovudet mitt. Kva kan eg seie? Kjempepraktisk! Hjelmen stengte ute eventuelle plagsome lydar, og viss det vart for lyst, kunne eg berre ta ned skibrillene. Kan anbefalast! Det einaste var at det vart litt varmt.

I det siste har det ikkje skjedd så mykje spanande, sånn elles. Hege reiste heim på onsdag, og eg merka det med ein gong at ho var vekke. Eg forsov meg på torsdag, I'm quite lost without her. Men no har eg jo kome heim, så då går det bra.

Jo, litt spanande: På onsdag fann Håkon ut at han skulle anlegge hockey, så eg fann fram saksa og bryja å klippe han. Vi byrja litt seint, så han vart tatt av tilsyn og måtte gå. Dette førte til at han måtte gå dagen etterpå med halve hovudet hockey, og halve hovudet langt hår. Og dagen etterpå var dagen vi skulle på omvisning på høgskulen i Sogndal. Spanande friyre, det er sikkert. Biletet er tatt etter at eg hadde klipt ferdig.

Off.. Eg skulle tatt bilete frå bilturen. Jaja.

Ingen kommentarer: