torsdag 15. mars 2007

Russerevy!

På laurdag skal Sygnarussen ha revy klokka 20.00 i Bygdahuset og dette gler eg meg noko enormt til. Eg skal ikkje spele så mykje, for eg har brukt tid og krefter på å skrive sketsjar, men det er utruleg kjekt å vere på øvingane likevel. Ja, vi er kanskje litt for avslappa når faktum er at revyen er om to dagar, men det ser jo ut til å gå bra.

No har eg nett hatt prøve i 3MX. Det gjekk ikkje absolutt strålande, men det er berre godt å vere ferdig og sleppe å ha det hengjande over seg.

Dette er ein dårleg kombinasjon av mat:
- Ein pakke sukkerfri IFA
- Ein pakke Läckerol
- Eit eple
- Ein pakke rosiner

Det kjennest ut som om eg har svelgt ein murstein. Men det går fint.

1 kommentar:

Siggy sa...

Du har`n offisielt i blogg-tikken. Klikk inn på bloggen min for å sjå ka det dreie deg om:)