onsdag 21. februar 2007

Ok, då.

Greitt, det går visst betre med koret enn eg trudde. Vi hadde tre timar med øving i går, og det gjekk betre enn forventa. Fekk med bandet òg, så då vart det god gang i sangen. Kjempegreier! I dag skal vi òg ha korøving, men det blir berre ei lita ei. Trur folk treng ei lita pause.



Elles gler eg meg til i morgon, og det er to grunnar til dette.

1. Det er taco til middag.
2. Eg reiser til Oslo som er første stopp på mi ferd til Tenerife

Rommet har eg allereie vaska, badet er reint og mange av kleda er vaska. Alt i alt ligg eg godt an til ferie. Eg gler meg til å sola meg, ete is, ete pizza, drikke fanta MED sukker, shoppe på tax- free, gå trurar, savne folk i Noreg, bade, bli solbrent og ete litt meir is. Dette blir gode greier!

Nett no sit eg og skriv inn dei siste greiene til russeavisa. Den skal inn til trykking i morgon, og eg vonar inderleg at vi blir ferdig til då. Blir godt å blir ferdig med den sjølv om det har vore ein kjekk jobb.

I dag snør det igjen her i Balestrand. Det tok si tid før vinteren kom, men når den først kjem hit blir den her leeeeeeeeeenge. På den andre sida blir det jo då berre ekstra godt når våren endeleg kjem. Det blir goe greier!

1 kommentar:

Ze Brosowic sa...

Kos deg på Tenerife.

Litt misunneleg... og det er jo halve gleda med å reise til syden. At dei som blir igjen er misunnelege, meine eg:D