onsdag 6. desember 2006

Sjuke tilstander på lesesalen

I morgon brakar det laus, i morgn er det tentamen i 3MX. Det er godt å vite at det snart er over, men det er òg ganske deprimerande å tenkje på at det er den enklaste av tentamenane eg skal ha før jul. 3FY og 3KJ ventar, og det er noko eg gruar meg grøn av. I helga skal eg heim og rekne fysikk med pappa. Håpar eg får noko ut av det, eg treng det!

Men sjuke tilstander, ja. Håkon, Runar, Ellen og meg har vel sitte her eit par dagar i strekk no og gjort matte. Ein liten augenblink vurderte vi om vi rett og slett berre skulle flytte inn (ja, det var mitt forslag men eg vart nedstemt). Vanlegvis før tentamen plar Runar syngje "grusomme Gabriel" frå Kaptein Sabeltann 100x antall gonger, men i år har han klart å kutte ned på det og konsentrere seg om jobbinga. Bra!

Forresten, humoren tar alvorleg skade av så mykje matte. Vi har rett og slett ikkje godt av dette. Skal ikkje gå nærare inn på det, for då virkar vi berre enno meir sjuk.

Eit par bilete til slutt. Ja, det er veldig ryddig rundt oss for vaskedama hadde nett vore der.








Runar er bekymra over at han byjar å bli spinkel. Matte gjer at ein får vrangforestillingar om seg sjølv.

Ingen kommentarer: