lørdag 2. desember 2006

Merkeleg fredag...

I går vart det omsider ENDELEG helg. Jobba i snitt 10 timar med særemne laurdag og søndag førre veke, så no trengte eg verkeleg eit avbrekk.
I går åt eg middag, og så baka eg og Hege bollar. Det var kjempekoseleg. Eller, i grunn kan eg vel ikkje skryte på meg at eg baka bollar, men eg såg i alle fall på når Hege gjorde det. Til trass for at dei fleste trudde vi hadde baka rundtstykker når dei såg resultatet, var bollane veldig gode og vi koste oss.
Etterpå gjorde eg og Håkon matte. Ja, vi gjorde matte på ein fredag!! Vi er flinke, vi. Forresten har eg gjort matte i dag òg, men eg likar matte, så det er nesten som avkopling.

Men i natt, det var det som gjorde at fredagen var rar. I går hadde eg gløymt å låse døra inn til rommet, så kl kl 03.30 kom det to folk inn på rommet mitt iført kjeledress og strømpebukse på hovudet. Den eine av dei slo av og på lyset kjempefort slik at eg ikkje skulle sjå kven det var, og den andre rista i meg medan eg låg i senga. Eg vart ikkje redd der og då, for eg var så trøytt, men då eg tenkte over det seinare i dag var det litt creepy. No har eg funne ut at det var to andreklassingar som skulle vere skumle, og dei gjekk rundt på alle internata. Synd for dei at ingen vart redde.. Alle var jo så trøytte.

No er det snart julegrantenning her oppe. Det blir koseleg. Seinare skal dei vise "Alene hjemme" på storskjerm anten ute eller inne. Veit ikkje om eg skal gjere det eller om eg skal gjere matte. Vi får sjå kva som skjer!

Ingen kommentarer: