mandag 6. november 2006

Første skuledag

Ja, då var vi på plass på skulebenken att etter to veker heime foran fjernsynet. Eg saknar i grunn litt det tilveret som berre besto av avslapping. No har eg 1000 prøvar, 5000 innleveringar og 3000 tonn med lekser. Koseleg! Men men, eg har bestemt meg for å ta ein dag av gangen. Kvar dag skal eg gjere det eg kan den dagen, og når eg då legg meg om kvelden skal eg tenkje at eg har gjort det eg kan og så får eg ta eit nytt tak i morgon. Funka i går i alle fall! Eg sov kjempegodt.

I dag i fysikktimen dreit eg meg litt ut. Alle lo av meg, til og med læraren. Men eg lo eg òg i grunn. Dette er kanskje ein av dei tinga som var morosamt der og då men ikkje etterpå. Uansett, eg tar det med. Vi snakka om kva jorda veg, massen til jorda. Og så kom denne kommentaren før eg fekk tenkt meg om: "Ja, men du Helge, e det rekna med det som er oppå jorda?" Eg tenkte som så at når vi byggjer så mykje og når folk blir overvektige og sånt, så måtte jo massen til jorda auke! Det eg ikkje tenkte på var at viss ein byggjer eit hus, så brukar ein jo materiale frå jorda, så massen vil altså vere den same. Flott flott.

Elles er det ikkje så mykje spanande som skjer. Eg har kjøpt meg ny sjampo. Ja, det var vel det. Eg skal lære meg kjempemange replikkar i løpet av dei neste 2 vekene, for eg skal spele Gregers i Vildanden. Trur det blir kjekt!

2 kommentarer:

Torgeir Hauge sa...

Hehehe... morsom historie! :P E ein sånn ting som lett kan streife tanken ja. Derfor e det om å gjør å tenke gjennom spørsmålene sine på forhånd, for å sjå om det finnes logiske svar på de! ;)

Stine Elise sa...

Heisann:)
Vælkømmin tilbasje'att!
Eg såg på kommentarane til sokkeprosjekte mitt, og fann ut at eg ikkje hadde svara... Men no gjer eg det:)
Dei to ullsokkane som ser ut som om dei har lik hæl, har då diverre ikkje det. Dei er faktisk veldig forskjellige, akkurat som vi er forskjellige. Dei har visse likhetstrekk, men ikkje på nært mange nok til at dei kan kallast "like".
Akkurat som oss menneske. Vi er ikkje like, sjølv om mange gjer uttrykk for å ikkje skilje seg ut.
Dagens samanlikning:)
Elles då? hehe