onsdag 11. oktober 2006

Haustferie

Ja, då var haustferien i gang! Torsdag til laurdag var eg i Spydeberg hjå tante, onkel og søskenbarn. Då fekk eg lada litt opp etter Romaveka. For å bruke få ord kan eg bruke dette for å skildre dagane i Spydeberg: sofasliting. Herleg!
Laurdag reiste eg til Oslo sin beste austkant for å vere hjå svoger og søster. Dei hadde lova meg at eg skulle få sove der til søndag. Eg trudde ikkje eg var optimistisk då eg trudde eg skulle få sove på sofaen, men det var eg altså. Ingrid påstår nemleg enno at eg snorkar, noko eg ikkje har gjort på fleire år. Kva skjedde? Eg måtte sove på kjøkkengolvet. Men eg sov godt der :) Søndags føremiddag var vi i misjonssalen, noko som var veldig kjekt. Traff ein del kjente :) Søndag til mandag budde eg hjå klassevenninne Eline og mandag til tirsdag budde eg hjå klassevenninne Kari. Koseleg begge deler! Dagane gjekk med til eting, kino, og treffe folk utan at eg treng å gå meir i detalj om det...:)

Det var i grunn godt å kome heim tirsdag kveld. Eg var rimeleg lei av å slepe rundt på eit monster av ein sekk fylt med skitne klede og masse masse toblerone frå tax-freebutikken. Faktisk hadde eg berre eitt sett med reine klede då eg kom heim og det hadde eg på meg. Godt pakka? Ja, eg var fornøgd :)

I dag har eg vore med Stine, mi gode heimevenninne. Ikkje berre har eg eit særs godt forhold til ho, eg trivst veldig godt i familien òg. Til dømes i dag hadde vi ikkje noko god mat i huset, så då gjekk eg opp der og åt. Wraps med elgkjøt frista litt meir enn sei og ris, ja! Etter at vi hadde ete opplevde eg tja.. mitt livs største mareritt (?)(kanskje litt overdrive...) Eg trakka på ein snegle medan eg berre hadde sokkar på. Den var så stor og svart og ekkel og ÆSJ!!! Det er ikkje ofte eg hyler, men då hylte eg. Berer viss de lurte liksom..

Vi tok oss ein impulstur til Bergen etterpå for å pleie såret eg jadde fått i sjela. På vegen fann vi ut at vi var velsigna med fint hårfeste. I byn fekk eg gjort noko eg har utsett lenge: klaga på mp3-spelaren min. Den slutta nemleg å slå seg på etter kvart.. Den gav opp. Livsgnisten var ute. No ventar eg ein ny i posten i løpet av 2 veker. Creative har god lyd og god kundeservice :)

Her er nokre bilete frå turen. Eg vart lykkeleg når eg fann eit katt eg fekk klappe, men etter kvart vart den litt innpåsliten.. For å få den vekk måtte eg hoppe opp og ned.


Det byrja med skepsis...


Men sjå for eit radarpar!

Ingen kommentarer: