tirsdag 5. september 2006

Blåkjole og tær

Eg bestemte nett at dagens blogg skulle byrje med eit dikt, og her er det:

"Nokon er store,
nokon er små,
nokon kan gå på tå."

Eg meiner dette diktet seier at det ikkje er ei skam korkje for store eller små å ikkje kunne gå på tå. Det å kunne gå på tå er berre for dei utvalgte tågangarane. Eg kan gå på tå, og på grunn av dette slår eg meg laus med ein påstand om at eg er ganske så spesiell på ein positiv måte! Det skal vere lov å tenkje godt om seg sjølv av og til.

I dag er det alstå tirsdag, og på Sygna er det den offisielle kjeledressdagen. I alle fall for nokon. Alt i alt var det berre to stykk som stilte opp i kjeledress, men eg lovte å ta ein med meg heimanifrå i helga. Viss eg hugsar å ta den med blir vi tre stykk som går i kjeledress på kjeledressdagen, og det er jo ei auke på 50%! Trur eg.. Eg veit ikkje heilt for eg fekk aldri til prosentrekning. Tenk, no tar eg 3MX utan å kunne prosentrekning. Det er ei skam! Viss nokon veit kor mykje auke det er frå 2 til 3 personar, ver venleg og legg att ein kommentar.

I kveld er det oppstart i bibelgruppene, og dette gler eg meg veldig til. Gruppa mi skal til ekteparet Fuglestad. Når eg skriv ektepar trur du kanskje at dei er gamle, men dei er berre rundt 30 år. Herr Fuglestad, eller Martin Egil om du vil, hadde eg som mattelærar i fjor. Han var grådig flink! Bibelgrupper har (minst) tre positive sider:
  1. Vi diskuterer bibelen, noko eg tykkjer er særs interessant, spanande og kjekt
  2. Vi får kome inn i ein heim, noko som er veldig godt
  3. Vi får god mat :):):)

(Der slo eg meg laus og skreiv tre smilefjes berre for å uttrykke kor glad eg er over at vi får god mat).

Men kva skjer på Sygna? Jo, i dag var det den årlege ungkarsparaden. Alle nye single gutar (altså ikkje så mange, det er trass alt sygna det er snakk om) går då på rekkje ut på skuleplassen iført boxer. Framfor rekkja av dei håpefulle går to gutar og slår på ei stortromme. Ja, den dagen slår dei verkeleg på stortromma. (*kremt host* tørr *host* vits). Medan alle elevane (og lærarane) på skulen ser på dette ritualet må ungkarane dele ut ei rose til ei jente i mengda som dei tykkjer er søt eller snill eller kva det måtte vere. Eg har aldri fått og kjem etter dette aldri til å få ei rose frå ungkarsparaden, men eg kan ærleg sei at eg ikkje er så alt for lei meg for dette.

I dag måtte Runar gå med blåkjolen. Alle gutar som har vore med i ungkarsklubben og fått seg dame må gå med ein blå kjole ein heil skuledag. Ikkje spør kvifor, det er berre tradisjon. På kjolen (den er ganske gamal) må dei som bli saman skrive namna sine inn i eit hjarte for å stadfeste kjærleiken. Skremmande nok fann eg namnet til søstra mi ein god del gonger. Når ho gjekk på Sygna fekk vi høyre at ho til saman hadde hatt tre kjærestar, men i dag avslørte eg jammen meg enda ein gamal flame. Dette skal eg undersøke nærare etter skuletid. Eller, nei, det kan eg ikkje for eg han ikkje pengar på kortet. Tilbake til Runar og blåkjolen. Då Runar hadde på seg blåkjolen i 1.klasse var den nesten litt for stor. I dag rakna den litt i kantane som eit resultat av pumping og høgt proteininntak. Runar fekk difor ikkje kjolen igjen, så den heng rundt han som ei kappe. Han tok eit par supermann-moves i klasserommet når han trudde vi ikkje såg han, men vi såg han. Haha. Gratulerer Runar og Silje:)

Det var det. Til alle de som holdt ut å lese heile teksten: *applaus*

Ingen kommentarer: