torsdag 9. mars 2006

Utan snop i 2 månadar!

For tja.. 3 dagar sidan gjekk eg og ei venninne inn ein avtale om å ikkje ete noko godt fram til 17. mai. Her er lista over kva vi ikkje kan ete:
  1. Snop
  2. Sjokolade
  3. Kjeks
  4. Brus
  5. Kake

Kan du tenkje deg? Eg! Astrid! Eg skal ikkje ete dette på to månader. Det er ein ganske sjuk tanke, og du som kjennar meg lurar kanskje på korleis eg skal klare dette her. Vel, viss eg bryt avtalen må eg betale 300 kr og det er noko eg helst ikkje vil gjere, så difor må eg berre halde meg borte frå søte saker. Til no har det fakisk gått veldig fint. Kiwi og tyggis har vore til god hjelp. Forresten var det ideelt å ta blodprøve no når eg har godtefri for då hadde eg jo ikkje så høgt blodsukker og med det litan fare for å ha/få diabetes. Prima :)

No skal eg øve fysikk. Vi skal ha fysikkprvøve i morgon og eg er redd for å stryke. Tenkt på det at eg fakitsk kan stryke! Eg vil ikkje stryke, difor må eg øve. Runar har ein fysikkprøve igjen på skulkekvoten sin så difor kan det hende at han ikkje tar prøven i morgon og det blir surt for då kan eg stryke og han sleppe unna med heile prøven. Det skal ikkje vere lett.. Men men. Stafett er stafett, fysikkprøve er fysikkprøve.

Eller er vel den store nyhenda i livet mitt at eg skal dirigere ein song i koret. Det er ufatteleg skummelt for eg har aldri gjort noko sånt før, så det er litt sånn skrekkblanda fryd!! Ikkje bare skal eg dirigere, men det er foran 500 folk i Oslo òg! Men det kan bli ein god erfaring og eg gler meg sjølv om eg kjem til å bli pissnervøs. Det verste er eigentleg at da kan alle 500 sitje og sjå på rompa mi sidan eg står den vegen, og sidan eg hatar rumpa mi gruar eg meg til dette. Men men. Vi satsar på at eg kan gå med skjørt.

Fysikk neste!

Eg vil ha vår.

1 kommentar:

Johanne Pauline sa...

baby baby! eg syns du har deilig rumpe! lykke til! eg e stolt over deg!! det e kjekt å dirigere. du kan glede deg.. men du, skal DU ha snopefritt??!! du har helt rett, eg stusser litt! men eg stoler på viljestyrken din..gleder meg til påskeleir! men eg og vil ha vår. no!