mandag 10. november 2014

November - I love you

 
Endeleg er det vinter. Skal eg vere heilt ærleg med dykk, så må det sinast eg ikkje er særleg tilhengar av sumaren. Sumar betyr mellom anna at det er varmt og at ein sveittar. Varme kan vere ein god ting, mellom anna når ein sjølv oppsøkjer den i syden i vintermånadane. Men når den gjer åtak på deg på jobb og tvingar deg til å redusere aktivitetsnivået til eit minimun, då er ikkje varmen min ven.

Sumar og varme ber òg med seg dette evige jaget om at ein må gå ut. Noko av det verste eg veit er når sola skin nådelaust inn vindauget om morgonen. Då betyr det at det er nok ein dag med sol og varme som er for god til å kaste vekk. Ein må kome seg ut, og ein må vere ute anten ein vil eller ikkje. Av og til vil eg ikkje ut. Av og til vil eg berre sitje inne og spele candy crush. Då passar det meg dårleg med sol og varme.

Det siste punktet eg vil trekkje fram som er negativt med sumaren, er strandlivet. Eg kan ikkje fordra strandlivet. Det er sand over alt: I maten, på handduken, i trusa, under føtene, på låret, i håret osb. I tillegg blir den med heim etterpå. Og lat oss innsjå faktum: Det er sjeldan særleg god badetemperatur her i Noreg. I alle fall ikkje i Lofoten.

Joda, det er positive sider ved sol og varmt òg, til dømes sykkelturar og fjellturar. Men hallo, dette kan ein jo gjere på vinteren òg! Og i tillegg får ein creds for det. I det store og det heile handlar det jo i grunn berre om å kle seg riktig.

Uansett. No har vi kome til november. Mange har eit anstrengt forhold til november. Det byrjar å bli mørkt, og temperaturen kryp stadig nedover. Nokre har tentamenar og eksamenar å tenkje på, og det forstår eg godt kan vere stressande. November ber med seg både sorger og gleder.

Men november er min ven. Eg har så mange gode minner knytta til november. Bodø i november, Lofoten i november, mørketid, fargetid, nordlys. Av og til er det fint vêr. Då er det berre å slenge på seg kjeledressen og gå ut og nyte dette. Av og til er det ruskevêr. Då kan ein sitje inne med godt samvit. Ingen ser skeptisk på deg viss du sit inne ein ruskete novemberdag. Alle har forståing for dette.

Julete mat og pynt er på veg inn i butikkane. Arbeidsdagane på treningssenteret blir stadig rolegare. Dette er forresten særs ironisk. Er det ikkje før jul ein verkeleg skulle byrje å trene? Då slepp ein jo å byrje 1 januar! Folkens, vi må trene mest i november og desember.

Hundane har ikkje like stor trang til å vere ute. Dei kan jo ikkje klokka, og trur sikkert det er natt heile tida. Elles på året vil dei helst opp og sprette når stola står opp, men no anar dei tydeleg vis ikkje om det er natt eller dag. Det er digg.

Sist, men ikkje minst. Det er tid for huskosert med kjende og ukjende naboar på Ballstadlandet. Og det er tid for mange fine arrangement på Betel. Det er tid for å bake og bli bedt på kveldsmat av alle slag hjå folk.

November, I love you.

Ingen kommentarer: