tirsdag 25. mars 2014

Vaflar og kveite

I skrivande stund sit eg på kjøkenet vårt med hue på, og prøvar å skrive noko fornuftig.

Eg har hue på fordi straum er dyrt, spesielt i eit hus som er dårleg isolert. Difor gjer eg mitt for å prøve å spare straum: Går med hue inne, ullstilongs osb. Funkar flott.

Det fornuftige eg prøvar å skrive, er ikkje blogginnlegg, men undervisning til morgondagens Alpha-kurs. Alpha er fast innslag kvar onsdag, og vi er allereie godt over halvvegs i kurset. Spanande opplegg som det er vel verd å bruke tid på.

Tidlegare i dag var Pål Sverre og eg i Svolvær, den næraste byen til Ballstad, utanom Leknes. Der var vi på kurs med skatteetaten. Og ikkje eit kva som helst kurs! Vi har nemleg kvart vårt enkeltpersonsforetak, og vi var på kurs for å oppdatere oss på kunnskap, og lære nytt og viktig. Pål Sverre driv Aasen lyd, og eg har nyleg oppretta "Fysioterapeut Astrid Rydland Aasen". Målet er å få ein privat praksis opp og gå på Leknes i løpet av våren/sommaren. Eit uhyre spanande prosjekt eg har stor tru på!

Etter kurset gjekk vi for å bestille middag. Vi bestiller ofte to ulike middagar, og så deler vi på dei. Det eine vi bestilte var kveite. Og den var så fersk at dei knapt hadde fått den inn då vi bestilte. Den var med andre ord utruleg god, og eg skulle gjerne hatt dobbel porsjon.

Elles må vi ikkje gløyme at det er vaffeldagen i dag! Eg åt faktisk vaflar til frukost i dag, uvitande om at det var vaffeldagen. Men så et eg vaflar ganske ofte til frukost, men dei er kanskje litt av den meir sunne sorten. Sidan eg faktisk hugsar oppskrifta utanboks, kan eg jo dele den:

2 egg
3 ts mager vaniljekesam
1/4 banan
2,5 dl havregryn
3 ts sukrin
1/2 ts kardemomme
1/2 ts bakepulver

Røre røre - ferdig! Evt kan du tilsetje ein dæsj vatn viss røra blir for tjukk. Steik i vaffeljern og et med mager kesam og syltetøy. Hurra!

Hjelpe meg, eg la nettopp ut ei oppskrift på bloggen min. Kjære vene.

Vi får avslutte med noko anna. Her er eit bilete av meg og Maika.




God natt!

Ingen kommentarer: