lørdag 7. september 2013

Lofotliv

Eg gjer på nytt eit forsøk på å blåse litt liv i bloggen. Mest for min eigen del, for eg vil veldig gjerne gjere alt eg kan for å spare på inntrykk frå denne tida av livet mitt. Eg har gifta meg med min beste ven, eg har flytta til Lofoten, og eg har byrja å jobba som autorisert fysioterapeut (fekk autorisasjonen i posten i dag). 

Under kjem eit bilete frå den store dagen. Grunnen til at eg ler på biletet, er rett og slett at eg mista sløret på veg inn kyrkjegolvet. Etter 2-3 steg, løsna sløret frå håret, og vart liggande att på kyrkjegolvet. Eg kunne ikkje gjere anna enn å le, og eg smilte meg vidare gjennom dagen.



For å vere meir nøyaktig, har vi flytta til eit hus frå 1934 i Kræmmervika, på Ballstad. Næraste nabo er ein nedlagd fiskarheim, tidlegare driven av sjømannsmisjonen, der oldefaren min truleg budde då han i si tid var på sildefiske i Lofoten. Lita verd, lite land. Ballstad er eit aktivt fiskevær, og vi kan sjå fiskebåtane legge til og frå kai heile dagane. Det luktar sjø her, og rett borti gata er det eit stort tørrfiskanlegg. Rett bak huset ligg fleire høge og fine fjell som vi allereie har nytta oss av fleire gonger. Vi lever rett og slett på ekte lofotvis. 



Sjølv trudde eg ikkje vi skulle flytte inn i huset før neste veke, men allereie då vi kom på søndag, sto huset klart. Pål Sverre hadde ordna overtaking, slik at det var klart til innflytting. Nokre frå Betel hadde fått ansvar for å gjere det litt leveleg, og hadde pynta med ballongar, gåver, sjokolade og brus. Senga var plassert midt i ei av stovene (jepp, vi har tre), så då har vi sove der òg. Vi har forresten tre gjestesoverom, så det er berre å kome på besøk!

Utsikt frå doen vår

Til informasjon for dei som ikkje veit det, har Pål Sverre hund, ein border collie som heiter Pepsi. Dette gjer at ein må ut og sjekke ut turmoglegheitene utansett vêr, noko som til no berre har vore ein sann glede. I tillegg er Pepsi så lydig at han kan gå utan band uansett kvar vi skal, så forholda ligg verkeleg til rette for mange gode turopplevingar. I kveld fekk eg sjå den vakraste solnedgangen eg nokon gong har sett. Medan eg sto og såg utaover, flaug ei lang stripe med fuglar sørover, og eg kunne følgje dei med blikket heilt inn i horisonten. Det går visst mot haust, ein haust eg trur vil bli veldig god. 

Takk til alle som har stilt opp den siste tida, både med tanke på bryllaup, flytting, planlegging og sosialiering. Vi har så mange gode folk rundt oss!

Ingen kommentarer: