onsdag 26. september 2012

Friskmeldt for joggeallergi

Eg har bestemt meg for å begynne å springe igjen. For eit år sidan fekk eg nemleg joggeallergi etter å ha ufrivillig trent meg opp til halvmaraton. Men no føler eg at tida igjen er inne. Så no sit eg her i tightsen, lettare nervøs for korleis formen er. Det blir spanande å sjå!


Møtte på denne maratongjengen i Oslo i helga.
Eg sat på bussen og var godt nøgd med det.

Eg møtte ein kjendis i helga! 
Det var stas.


No har eg hatt to helger i Oslo, og til helga ventar ei helg på leir her i Bodø. Eg som trudde eg skulle reise til Bodø for å få meir fritid. Men eg har i grunn slått meg til ro med at eg trivst når det skjer mykje, og at frihelg etter frihelg ikkje er heilt mi greie. Så eg gler meg stort til leir, og ser fram til å labbe rundt i joggebukse og ullsokkar. Eller, eg klarte å vaske den eine ullsokken på 60 grader, så eg har strengt tatt berre ein ullsokk som passar.


Marsvin


Om det har blitt ein del reising i september, så blir det absolutt ikkje betre i oktober. Då skal eg nemleg til Etiopia! Oæææ! Ja, det kan du seie. Eg har lenge hatt lyst til å oppleve Afrika, så då eg vart spurt om eg ville vere med ned ein tur for å besøke felles vener frå Bergen, hengte eg meg på. Det kostar ca like mykje som å reise Bodø-Bergen-Bodø i julestria. Noreg, altså.

Ingen kommentarer: