søndag 20. mai 2012

Det interessante og innhaldsrike

Nei, kva kan ein seie? Eg kan byrje med å ta eit oppgjer med alle som måtte tenkje at eg lever eit gjennomføt interessant og innhaldsrikt liv. Den førestillinga kan eg raskt og enkelt avkrefte ved å gje eit par glimt frå dei siste dagane mine.

Eg kan for det første meddele at i går, altså 18. mai sto eg opp kl 14.00. Fram til då hadde eg lagt i senga og sett på det fantastisk oppbyggande fjernsynsprogrammet "Supersize vs superskinny". Programmet går ut på at ein overvektig person og ein undervektig person skal møtast og bu på ein "feeding clinic" nokre dagar. Der skal dei mellom anna bytte kosthold i to døger. Dette byttet endar som oftast opp med at den overvektige blir sur fordi han/ho ikkje får ete det eller kor ofte som er ønskjeleg for vedkommande. Den undervektige blir òg sur etter kvart, og det som oftast fordi han/ho må ete opp all maten sin. Deretter får dei begge ein aha-oppleving der dei plutseleg forstår at det er kostholdet deira som har gjort at dei er der dei er i dag. Så blir dei rørte, gret ein skvett, og så reiser dei heim for å starte eit nytt og betre liv. Moralen i programmet er.. Tja.. Vanskeleg å seie. Ikkje bli for tjukk eller for tynn?

Denne supersize-maratonen vart gjennomført etter eg hadde sett ferdig alle episodane av "Vis meg ditt kjøleskap" med Mia Gundersen i spissen. Gunhild er forresten alvorleg uroa over min mentale helse bedømt ut ifrå kva eg ser på fjernsyn. Eller mac. Eg ser jo på nett-tv.

I dag googla eg følgjande setning: "Hvor mye veier en wienerpølse?". Dette medan eg sat 3 meter frå kjøleskapet, og lett kunne sjekka sjølv. Med eg velde å google det. Og når folk er sprø nok til å leggje ut slik informasjon, følte eg det nesten som ei plikt å nytte meg av den. Så til deg som tok deg tid til å skrive kor mykje ein wienerpølse veg: Takk! Tippar forresten det var i eit eller anna mammaforum eller lavkarboforum. Dei er mange, og dei bidrag til verdsveven med å skrive om alt mellom himmel og jord. Eg skriv berre om meg sjølv. Trur eigentleg ikkje det er så mange som googlar namnet mitt. Trur nok det er eg som gjer det oftast. Men skulle det skje, så kan dei heldigvis sjå kva eg har gjort dei siste 6 åra. Praktisk for dei! Litt usikker om det er så bra for meg.

No er det forresten akkurat ei veke sidan eg fekk kjeft av naboen. Eg går visst så tungt. Han hadde lenge trudd at eg og Gunhild dreiv og snekra, men så hadde han analysert seg fram til at lyden kom når vi gjekk. Då han fortalde dette, hadde eg eigentleg berre lyst til å skulde på Gunhild. Men så kom eg på at ho var i Köbenhavn, noko som gjorde at det var meg han hadde irritert seg over. Med andre ord: Eg må bli meir grasiøs og lett i steget. Berre synd eg har motorikk som ein flodhest på land.. Jaja. Eg får byrje å gå med tøflar.

Alt i alt har eg gått inn i ein fase der eg benektar at eg har eksamen den 30. og 31. mai. Eller, benektar og benektar. Eg finn berre ikkje motivasjonen igjen. Så.. Anten er eg dum og lat, eller så har eg ei kjensle av at eg har ok kontroll. Trur eg hellar mot det siste. Så då trur eg det skal gå bra om eg ser litt på supersize eller ikkje får stått opp i otta for å lese meg opp på alt mellom fysiohimmel og fysiojord.

Forresten! Flaut viss eg stryk på eksamen etter å ha skrive alt dette.

Men flaut eller ikkje flaut, her er nokre bilete til ære for de som er glad i slike:

 Eg var i ein bursdag til to kompisar. 
Dei fekk fuglar.
 
 Her er det fristande å skrike ut: BILDETEKSTKONKURRANSE!
 
 Dersom du skulle stå på Fløyen og vere usikker på melodien til Nystemten.
 
 Fysiochill. Blir mykje av det.
 
 16. mai: Christine måtte køyre meg til Seim så eg fekk henta bunaden min. 
Og vi sang Reflex-songar for full hals. 
 
 17. mai vart innleia litt for tidleg med frukost i Salem.
Eg koste meg frykteleg med maten.
 
 Salem byr på mykje bra mannfolk.
 
 Rømmegraut med gode vener høyrer med. 
 
 Enda meir graut og vener. 
Etter grauten såg vi NRK si 17.mai-sending.
Då lo vi godt alle saman. 
 
 Dagens mest vellykka bilete på alle måtar.
 
Klokka 15-17 er alltid ein kritisk tid på 17.mai. 
Anders bukka under og sovna.

Og sove skal eg forresten gjere no.
God natt!

Ingen kommentarer: