onsdag 21. mars 2012

601

Folkens! Førre innlegg var rett og slett innlegg nr. 600 i min karriere som bloggar. 600 gongar har eg sette meg ned i løpet av dei siste 6 åra og skrive tankar om livet, kvardagen, gleder, sorger, kjærleik, irritasjon, og det meste anna som er i universet til ei jente på 17-23 år. Det blir fort 600 innlegg til, for dette er kjekt!

Smakebitar frå helga: 

Fredag kveld slappa eg av aleine på Seim. Utruleg digg!

Kulaste kortstokken!

Alversund ser ikkje så verst ut når det er fint vêr. Dette er frå ha-det-godt-turen eg hadde med Stine. Ho har nemleg flytta til Manchester. Tøffa!

Huset som berre har forfalt og forfalt sidan eg var lita jente.

Eg fulgte Anna Oline på fotballcup i Nordhordlandshallen. Artig å tenkje på at eg hadde kroppsøving og gjekk på friidrettstrening i same hallen. Den lukta heilt likt som den gjorde då eg trente der.

Eg hadde søndagsskulen i Knarvik, og den eine guten fortalte meg at eg var strengare enn nokon lærar han nokon gong hadde hatt. Som plaster på såret fekk dei gå ut og leike til slutt.

Noko av det kjekkaste med konsertane til Gospel Bergen er at ein må fjonge seg opp litt. 
Her klarte eg for første gong å lage meg "tutt" på håret heilt sjølv.

Eg hadde ein pangstart på wordfeud (er per i dag på veg til å tape denne kampen trass det enorme forspranget).

Gunhild laga overrasking til meg. Beste jenta!

No vaskar eg klede for harde livet, for eg reiser nemleg til Oslo i morgon. Skal vere der ei veke og jobbe med bacheloroppgåva, mellom anna ved å intervjue to manuellterapeutar om temaet mitt. Gler meg til å endeleg få litt sol i livet, for her i Bergen har det regna så lenge som eg kan hugse. 
 
Så då er det berre å tenkje kreativt for å klare å henge opp den siste klesvasken, då både tørkestativet og alle stolane er okkupert. Det skal nok gå på eit vis. Kremt. 
 

Ingen kommentarer: