torsdag 8. desember 2011

J for Juleferie

Eg veit ikkje om noko som er så flatterande som ei boblejakke!

G er for Gaute, og på same måte er J for Juleferie. For no er eg faktisk i mål. Og halvmaraton var ingen ting i forhold til det maratonet eg har vore gjennom no. Alt anna har måtte gått i bakgrunnen for å kunne lose eksamenane i havn, men no er det gjort og eg kan puste letta ut. Eg hadde siste eksamen i går, munleg, og det gjekk Bra! 

Eg feira med å lage ein heidundrande 4-stjerners middag for Gunhild, Espen og Simon. Menyen besto av fylt champignon, røykt blåkveite og heimelaga jordbær-is. Med andre ord: Mine favorittar. Middagen var heime i Knarvik, så mamma var der og hjalp til. Godt var det, for eg ante ikkje kor mykje det arbeid det er å lage så mykje mat, kor tid ein skal koke kva, kor tid ein skal gjere ditt og datt osb. Var god husmortrening! 

Som ein del av underholdninga, gav eg alle eit oppdrag som dei måtte gjere under kvelden. Gunhild skulle blunke lurt etter kvar setning når ho snakka med mamma eller pappa, Espen skulle kalle mamma for fru Bjørke, og Simon skulle kalle ho for "svigermor". Med handbevegelse for å understreke "". Simon feiga ut, men det slo i alle fall veldig an då Espen kalte mamma for fru Bjørke. Høflege Espen. 

Det er fascinerande å merke korleis kroppen merkar at den kan slappe av etter ein stressande periode. I går merka eg omsider at sultfølelsen kom igjen, i tillegg til evnen til å gjespe og eit besøk av eit kraftig hovudverk. Det siste var ikkje så kjekt, men det har heldigvis gått over. 

I går var det kjempegodt å sleppe å måtte tenkje på kva eg skulle stille inn vekkerklokka på, for eg visste at eg berre kunne sove så lenge eg ville. Så det var det første eg gjorde i dag. No har eg sett på eit klesvask, rydda i leiligheta, og skal snart på øving med Henrik, som skal spele til Benjamin og meg som skal synge duett på julekonserten. Grugledar meg. 

Så då er det berre å vente i spenning på sensuren frå skriftleg eksamen, handle julegåver, ta julevasken, synge ein julekonsert, bake peppekakehus, kåre vinnar av 4-stjerner, og deretter endeleg reise til Tau og ha førjulsida der. Eg klarar nesten ikkje vente!

Ingen kommentarer: