lørdag 24. desember 2011

God jul!

Då var pinnekjøttet fortært, desserten utsett, gudstenesta gjennomført, mandelen funne, julesokken snart oppspist, og gåvene opna. På grunn av tanteungar i hus måtte vi byrje litt tidleg, men det er berre greitt, for då er det god tid til å nyte kvelden og drøse over kaffimat etterpå. Eg fekk mykje fint, mellom anna ein håndstrikka mariusgenser, ein skinnfell av villsau frå Island. Skinnfellen skal eg henge over den gamle stigen eg fann på Tau. Det trur eg blir meget fint.

Her kjem nokre bilete frå i går og i dag:

Førkveld med Hilde! 

Sliten etter siste-liten-shopping på Åsane senter.
DET skal eg aldri gjere igjen. 

Søstern og svogern. 

Mamma og Hanna. 

Sigurd klarte såvidt å holde ut heile middagen før han gjekk laus på pakkane med enorm iver. 

Heile gjengem, minus pappa som er fotograf.


Årets julekort! Mariusgenser og julekjakar.

God jul!!

Ingen kommentarer: