torsdag 22. desember 2011

2 likes


Ja, eg venta med vilje på å lage eit nytt innlegg før eg hadde fått minst 2 likes på det førre innlegget. Det tok si tid. Eventuelt har eg vore på Tau, og der var det så mykje som skjedde at eg ikkje hadde tid til å kome på ein gong at eg har ein blogg. Vi besøkte vener og slekt, var på grautfest, var på juleshopping på Jørpeland (Noreg sin desidert størte shoppingmetropol), vaska og skrubba ein trekasse og ein trestige som vi fann i eit hønsehus, åt kebab på Tau (den er GOD!), leste, slappa av og nøyt livet.

Eg har sjølvsagt ingen bilete frå Tau, for Kristoffer sletta dei eg tok. Typisk. Så eg får heller stille med to bilete av meg sjølv. Det eine er berre for å dokumentere at eg faktisk er heime hjå mamma og pappa. Det har eg nemleg ikkje vore på alt for lenge på grunn av eksamen. Eg hadde jo ikkje ein gong tid til å lage middag. Heldigvis oppdaga eg Fjorland. Vidare kjem det eit bilete av dei nye skoa eg kjøpte meg i dag. Eg hadde eigenteg tenkt å vise litt meir av hovudet mitt, men sidan eg er stiv som ein stokk så måtte eg strekke halsen så lang den var berre for å vise meg i det heile. Så det ligg mykje akrobatikk bak det neste bildet.


Det som har skjedd er nemleg det at eg fleire gongar det siste året har blitt spurt om eg vil ha barnebillett på bussen. Eg har etter kvart tatt eit hint og bestemt meg for å kjøpe voksenklede. Så eg har kjøpt meg høghælte sko, sånn at eg får litt avveksling frå dei lyseblå joggeskoa mine. I tillegg kjøpte eg ein svart bluse. Flaut. Men eg er trass alt snart 23 år, så då føler eg at det passar seg å ha ein bluse. 

No høyrer eg på Odd Nordstoga, drikk skummamjølk rett frå kartongen, og ranglar berre fordi eg kan. Snart skal eg snurre film i stova og berre nyte at eg kan sove lenge i morgon. Fint liv!

Ingen kommentarer: