søndag 27. november 2011

Etter eksamen

Her er ei liste over ting eg gler meg til å gjere når eg er ferdig med mine 2 eksamenar, altså 7. desember:
  • Vaske klede
  • Trene
  • Rydde i klesskapet
  • Lage skikkeleg middag
  • Kjøpte julegåver
  • Sove lenge
  • Høyre på musikk
  • Kjenne på julestemninga 
  • Gå på kino
  • Sjå julefilm med Arhild og Silje
  • Sjå igjen Kristoffer

Men før den tid så må det lesast og puggast og reflekterast, så eg får halde fram med det. Sånn alt i alt så er det noko vakkert over eksamenstida òg. På ein eller annan rar måte. Kanskje det er kjensla av å vite at ein snart er i mål? For det er eg - eg er snart i mål.

Ingen kommentarer: