søndag 16. oktober 2011

Eksponeringsbehovet har byrja å melde seg igjen

Alle må hoppe av glede, for vi har fått internett i leiligheta. Omsider. Så då kan eg endeleg byrje å brette ut om livet mitt igjen her på nettet. Eg tippar at det er mange som har sakna korleis eg brukar verdsveven for å få tilfredstilt eksponeringsbehovet mitt. Eg har i alle fall sakna bloggen, men no er eg i gang igjen.

Ja, kvar skal ein starte? Eg kan i alle fall byrje med å sei til alle at eg ikkje har gitt totalt opp treninga sjølv om eg er ferdig med halvmaraton. Eg spring fortsatt, men har òg byrja å gjere andre ting, som til dømes hardcore styrketrening med fysiojentene. Etter første økta vart eg så støl i ryggen at eg trudde eg hadde punktert ei lunge. Ikkje det at eg veit korleis det kjennest ut. Men det hadde eg ikkje, og treningsverken gjekk over etter nokre dagar. Men eg likar å vere støl. Då kjennest det ut som om kroppen er i vokseform.

Gunhild er sjuk. Ho har stadig vondt i halsen, og eg må trå til og lære ho teknikkar for å få opp slimet frå luftvegane. Flaks at eg nettopp har hatt om lungefysioterapi. Viss ikkje hadde ho hatt mykje meir slim i lungane, og då kunne ho fått infeksjonar. Eg har ikkje blitt sjuk enno, og satsar på at det forblir sånn. Som den minihypokonderen eg er, har eg trudd eg har vore på nippet til å bli sjuk opp til fleire gongar, men har altså ikkje blitt det. Og det er eg i grunn ganske nøgd med.

Eg må meddele at eg har dei beste naboane. I Lappen 9 bur nemleg Simon og Espen, og vi har blitt av den type naboar som kan kome på uanmeldt besøk til kvarandre. Det er koseleg. Det er som i gamledagar. Så det er ikkje fare for å bli einsam ved foten av Svartediket. Her skjer det noko stadig vekk. Spesielt etter Gunhild fekk fiolinen sin i hus. Den øvar eg på når ho er vekke. Eg er skikkeleg dårleg, men har trua på at eg kan lære meg ein eller annan song før jul. Her er forresten eit bilete av Lappen og Stemmeveien. Gunhild likar ikkje dette bildet, men eg legg det ut likevel:


Dunjakka er forresten i hus, så no er eg klar for alt. For det har blitt kaldare her i Bergen, det har det så absolutt. I dag fekk eg ikkje til å fyre i peisen i stova, så då vart det sånn:


I går var det laurdag, og i helgene har eg lov til å ete godteri. For eg har tatt mi straff, så eg kan ete sjokolade utan dårleg samvit. Eg kan sjølvsagt ikkje ete så mykje som eg orkar, for eg orkar nok til å gje meg diabetes type II innan tre veker, men eg kosar meg. Sidan det var fullt program i går med joggetur, laurdagsgraut, klipping av Simon, og møte i Salem, kom eg aldri så langt at eg fekk kjøpt meg laurdagsgodt. Men sånn kunne det jo ikkje vere. Eg måtte jo ha laurdagsgodt. Så medan eg venta på bussen til Knarvik, tok eg turen innom 7-eleven (som forresten har tilbod på smågodt), og kjøpte meg ein pose. Den måtte eg kose meg med på bussen, og eg skal innrømme at eg var litt stusseleg. I tillegg hadde eg bete meg sjølv i tunga tidlegare på dagen, så det var vondt å ete, men dei glei ned, og det smakte godt trass alt. Eg gler meg allereie til neste helg. Her er eit bilete av godteposen på bussen:


Eg er for tida godt i gang med å søke om utveksling til Linköpings Universitet, der eg håpar eg skal få ha sjukehuspraksisen min etter jul. Det blir tre heile månader i Sverige, og eg har som mål å lære meg svensk. I tillegg til det fysioterapirelaterte sjølvsagt. For min del, viss eg hadde fått ein søknad med ein student som såg sånn ut, hadde eg absolutt takka ja til ho. Jakke med pels på og greier. Det må jo slå an:


Til slutt vil eg berre dele eit bilete frå førre helg. Då var det sol frå skyfri himmel og nesten ikkje vind. Den dagen vart tilbragt på Fløyvarden, med grilling, terningspel og gode vener. Eg hadde i tillegg mitt første møte med pølse i brød, som de kan sjå på biletet under (som forresten er tatt av Martin Lehre, og han har copyright):


No skal pensum lesast, og kle vaskast. Blir kanskje ein tur til Lappen i kveld viss det sosiale behovet skulle melde seg. God sundag!

Ingen kommentarer: