lørdag 20. august 2011

Stakkars bloggen

Stakkars bloggen, den har blitt forsømt. Ferien har krevd sitt, og eg har såvidt hatt tid til å oppdatere facebookstatusen. Då har ein det travelt. Men no er eg på plass i Stemmeveien 16, og er klar for å fortelje om det siste året mitt som student i Bergen. Å herlighet.

Eg kan byrje med å fortelje at i går kveld fann eg ut at Fjellveien faktisk er ein veg. Den er lang, og går heilt frå Bellevue til Sandviken. Eg gjekk på den i går, og den var kjempefin. Eg gjekk på den for å kome til leiligheta til Martha Berit og Ane. Saman med meg utgjer vi Von, ei songgruppe som hadde si storheitstid på Fjellhaug. Vi åt veldig mykje, og eg måtte slenge meg ned i sofaen av rein glede over å vere så mett. Eg er glad i mat.

Sidan sist har eg altså vore i London, på Tau, på UL og i Cannes. London var ikkje akkurat ein innbringande tur, men eg fekk i alle fall godt utløp for min lengsel etter å handle på Primark. Tau er alltid ein slager og skuffar aldri. UL var kvalitet, og Cannes var berre nydeleg. Dit reiste eg med heile familien Madland, og eg fekk dele rom med Ingebjørg, noko som var utruleg koseleg. Blei god tid til jentedrøs og cola light. Dei var koselege dei andre òg altså.

Sjølvsagt skal de få sjå bilete frå turen ((c) Ingebjørg Madland):

 Her budde vi.
 Dette åt vi.
 Dette åt dei som likar banansplit (ikkje eg).
 Her er eit bilete av Kristoffer og meg, redigert i sepia for å kamuflere
det faktum at vi vart ganske solbrente.
 Vi var på stranda. Håkon sjonglerte på stranda. Eg sola meg. Dei andre var der òg altså.
Her er alle Madlandane i all sin prakt.
 Alle måtte gå med hjelm.
 I alle fall vi to som var på scootertur langs den franske rivieraen
på ein av dei finaste kveldane eg har sett og opplevd.
Vi var ute og åt middag i Antibes, ein meget nydeleg by. Dessert vart crépes i Cannes.
Men vi gjorde òg daglegdagse ting, som å fylle bensin.

Utanom å vere på filmdatar (som i like fantastisk som på film), og soling, leigde til dømes heile hurven syklar ein dag, og sykla mellom bilane til ulike stadar vi tykte var fine. Anbefalast!

Men no er altså kvardagen tilbake. Og eg har kome fram til det at eg likar kvardagen. Og det er nok fordi eg likar klassen min, likar fysiojentene mine, likar leiligheta eg bur i, likar Gunhild, likar alle dei andre venene eg har i Bergen, likar byfjella og likar.. ehm.. mat. Det er som sagt siste året mitt som student i Bergen, og det skal eg nyte. Eg skal ikkje gå inn for å skjerpe meg veldig på ditt og datt, men berre vere positiv og arbeidssam og gjere det beste ut av alt.

Og når det gjeld trening til halvmaraton, så var det litt vanskeleg å halde koken på slutten av ferien, men no er eg i gang igjen. Så no er det berre å hive i seg frukost og få på seg løpetightsen. Eg gler meg til å kunne trene berre fordi eg vil, og ikkje fordi eg må. Men for all del, eg vil òg. Litt.

Dette var eit veldig informativt innlegg. Usaklege innlegg om kvardagen kjem etter kvart. Eg gler meg til å skrive.

Ingen kommentarer: