onsdag 25. mai 2011

For ei blemme (eller fire)


Av og til kunne eg ønskje at eg kunne gjere noko som var midt mellom ingen ting og veldig mykje. Eg tenkjer ofte veldig svart/kvit, og det kan til tider vere bra, men av og til er det faktisk betre å halde seg litt i gråsonen. I går skulle eg heller tenkt konsekvens enn prinsipp, og det får eg no smerteleg erfare på kroppen. Eg har nemleg byrja med forfotspringing (ja, du kan trykke på ordet og sjå ein film om dette), og i går skulle eg gjennomføre ei intervalløkt på tærne. Det gjekk i grunn veldig fint, men etter oppvarminga merka eg at bomullssokkar i joggesko ikkje var den heilt store kombinasjonen. Friksjonen var eit faktum, og eg merka at vannblemmer var på veg, men eg tenkt at det gjorde vel ingen ting. Så i staden for å stoppe, fullførte eg økta og enda litt til, og medan adrenalinet hoppa rundt i kroppen, la eg ikkje noko meir merke til blemmene som var på veg til å hope seg opp under føttene. Først då eg hoppa av tredemølla, merka eg at eg nesten ikkje klarte å gå for det var så vondt. Ok. Så var det litt vondt. Kvifor er dette så krise, spør du kanskje. Og det spurte eg meg sjølv òg der eg sto, og fann ut at det gjorde trass alt ikkje så mykje. Og eg levde i den vissa heilt til eg kom på, rett før eg skulle leggje meg, at eg skal gå 7-fjellsturen om 5 dagar. Eg vart liggjande våken ei stund for å sei det sånn og kikke småbekymra ut i lufta. Men det blir vel ei råd. Eg klyngar meg fast til håpet om at det kan ordne seg. Og viss ikkje, så får det berre gå som det går.

I skrivande stund sit eg på HiB. Etter at eg byrja å pendle med mamma eller pappa, hender det ofte at eg kjem på skulen ein time før resten av klassen. Det er i grunn ein god time. Då kan eg berre sitje og kose meg med frukost, ei bok, blogge litt, sjekke mail osb. Det same er det med å ta bussen heim. Då må ein berre sitje der, og det nyttar ikkje å stresse, for bussen går så fort som den går. Så då er det berre å lene seg godt tilbake, gjerne med god musikk på øyret, og dagdraume om varmare strøk, og lyse dagar med jordbær og piano på terrassen.

Men først av alt må eg kome meg gjennom denne 7-fjellsturen. Blemmer eller ikkje blemmer. Eg har trass alt betalt for den.

Ingen kommentarer: