mandag 14. mars 2011

Solskinnsfjorden

Christian godsnakkar med fergepersonalet og får tips om dei beste fjellturane i området.

Eg vil òg vere med og står og småfnisar over drøsen i bakgrunnen som berre aldri tok slutt.


Dette sto på lunchrommet på laurdag. Eg vart ikkje freista i det heile. Sånn er det, og sånn skal det forbli ei stund til.

Eg har forresten blitt ein haikar her i Masfjorden. Det går nesten aldri bussar her, så då er det berre å finne fram haiketommelen (eg har faktisk skikkeleg haiketommel. Endeleg får den vise seg fram!). I dag haika eg frå jobb sånn at eg rakk ei ferge tidlegare heim enn vanleg. Ok, no høyrtes det ut som om eg stakk av frå jobb, men det gjorde eg altså ikkje. Tok om lag 4 minutt før eg fekk haik, og sidan eg var så tidleg ute, så kunne eg liggje nokre minutt og varme meg på svaberga på fergekaia. Ein liten smak av sommer på ein vanleg mandag er ikkje feil. Noko anna som ikkje er feil er at eg fekk sjokoladepudding av Christian til dessert i dag. Og det siste eg skal nemne som absolutt ikkje er feil, er at eg berre har 3 dagar att i praksis. Torsdag, for ein vakker dag det skal bli. Då skal det pakkast og reisast. Hurra!

Ingen kommentarer: