fredag 25. mars 2011

Kvardagar igjen

Viss eg skal få fram eit einaste poeng i denne teksten så må det vere at eg har ein fantastisk klasse. Det var så utruleg kjekt å sjå folk igjen, og eg gler meg sånn til å vere saman med gjengen ei god stund til.

Nei, det er verkleg ikkje vanskeleg å finne motivasjon til å gå på skulen når ein har så mange gode folk rundt seg, men akkurat i dag så var det noko som freista meir. Eg sat på forelesning i dag tidleg, og følte at eg hadde sånn ok kontroll på temaet, så eg vart sitjande litt i min eiga tankeverd medan eg såg ut vindauget. Ute var det sol for første gong på lenge. Hm.. Forelesning eller tur på fjellet? Tur vann lett, og eg fekk meg ein skikkeleg gladtur i det som kunne minne om vårvêr sjølv om det snødde litt. Og det beste av alt: Eg gjorde dette utan at eit snev av dårleg samvit. Det er lov. Det er veldig lov. Folk har alt for mykje dårleg samvit trur eg.

No er rommet rydda, eg skal i dusjen, og er godt nøgd med første veka attende i Bergen. I går var eg ute og åt middag med tante, mamma og Silja, med påfølgjande shoppingrunde med mamma. Ein super dag som vart toppa av filmen "kongens tale" som eg absolutt kan anbefale.

I morgon er det tidlegvakt på jobb, deretter Salem og alt anna av kjekke ting som helga byr på. Livet er fint.

Ingen kommentarer: