onsdag 23. februar 2011

Gjer eg verkeleg det?

Ja, eg har fleire uvanar enn at eg går og tar meg i håret heile tida. Gjett om eg har.

Det er spanande når ein kjem til det punktet i ein relasjon at ein kan vere open om den andre sine uvanar utan at det blir sett på som kritikk. Då blir mange artige sider avslørt som ein aldri heilt har tenkt over. I dag vart eg enda eit hakk betre kjent med meg sjølv.

Setting: Astrid sit i sofaen i Masfjorden og ser på youtube. Christian kjem inn døra og seier: "Astrid, vi må lage ein avtale. Etter kl 21.30 får du ikkje lov til å bruke hælisett når du går. Eg høyrer det gjennom veggen mellom leilighetene våre, gjennom døra inn til soverommet mitt og gjennom headsettet når eg har musikk på og ligg og skal sove".

Så då veit eg det. Eg går høglytt. Veldig høglytt. Sikkert litt sånn som pappa. Men dette skal endrast på, og eg skal gå stille som ein luskande katt frå no av og for alltid. Beklager til alle som har måtte levd med at eg går som eg går, både heime, på Sygna (når eg tenkjer meg om så fekk eg jo ein gong ein kommentar at det var lett å høyre når det var eg som gjekk i trappa. Hm. Kanskje skulle eg tatt eit hint. Kanskje skulle vedkommande vore meir tydeleg), på Fjellhaug, på Sygna (igjen), i Peter Møllers vei og i St. Torfinns vei (og i Masfjorden, men eg har i grunn allereie sagt unnskyld til Christian).

Vonar eg ikkje har fråstelt dykk for mykje av nattesøvnen/leseroen!

Ingen kommentarer: